Sommaren 2020 blei det kjent at Per-Roar Gjerde (54) skulle slutta som sjef for oppdrett Americas og Færøyane i Mowi. Etter nærmare tjue år, og ulike leiarstillingar, var det slutt for Gjerde i verdas største oppdrettsselskap. Bakgrunnen for avgjersla, og kva han skulle, blei ikkje nemnt.
— Eg hadde tenkt meg nokre års pause. Når ein har jobba 24/7 i 20 år, så tenkte eg det kunne vera greitt med ein liten timeout, men den blei kortare enn eg hadde tenkt, seier Gjerde.
Frå verdas største til eit lite
Han har nyleg lagt bak seg sine to fyrste månadar i Mexico, der han før sommaren blei administrerande direktør i Pacifico Aquaculture.
— Eg gjekk frå verdas største oppdrettsselskap til eit bitte lite som er i startgropa. Det var sikkert fleire som stilte spørsmål ved det, seier Gjerde.
No er han heime på hytta i Vanylven. Sjølv om Gjerde no jobbar i Mexico, så blir det nokre turar til Noreg.
— Koronapandemien har synt oss at ein kan jobba kvar som helst i verda. Heimekontoret kan vera to kilometer unna eller 10.000 kilometer unna og det går framleis fint, seier Gjerde.
Hyppig pendling blir det ikkje, for turen frå Vanylven til Baja California i Mexico tek over eit døgn. Kor endeleg bustad blir er ikkje avklara.
— Hytta er blitt heime førebels, så får vi sjå kvar det endar til slutt, seier Gjerde.
Kjente ikkje til fisken
Det er mykje nytt å setja seg inn i for den tidlegare Mowi-toppen. Etter tjue år med laks, jobbar Gjerde no med stripa havåbor.
— Det er både lærerikt og ganske nytt. Fisken er veldig spennande, og vi er ganske åleine om å produsera den. Vi produserer ikkje forrykande mengder endå, men vi har planar om å veksa, seier Gjerde.
Men det var ikkje berre det nye fiskeslaget, som han faktisk ikkje hadde høyrt om før jobbtilbodet kom frå Pacifico, som fekk Gjerde til å vika frå pauseplanane.
– Kombinasjonen freista
Då kalenderen bikka frå 2020 til 2021, var Gjerde si tid i Mowi over. Dei fyrste månadane blei meir travle enn rolege.
— Det var ein del som tok kontakt og synte interesse. Eg har vore ein del år i bransjen, og folk kjenner til meg, seier Gjerde.
Så var det eit selskap i Mexico som fekk han til å endra planane.
— Det var for spennande til å seia nei til. Pacifico er eit spennande selskap med vekstpotensial. Produktet er godt og selskapet har gode eigarar i ryggen som ynskjer at dette skal bli noko. Den kombinasjonen freista, seier Gjerde.
Eventyrlysta slo også inn. Lysta til å skapa noko på ein stad han ikkje har vore. Gjerde har vore i Sør-Amerika eitt år tidlegare, men no fekk han høve til å oppleva ein ny kultur og nye folk. Det tykkjer han er givande.
— For å vera heilt ærleg så er vi litt for trauste i Noreg. Vi er ikkje flinke nok til å gripa sjansane som kjem. Det kan vera eit lite spark bak til folk i næringa. Vi har det godt i Noreg, så det er forståeleg at folk ikkje vil ut i verda, men det betyr også at ein går glipp av noko, seier Gjerde.
– Mykje att å løysa
Dei fyrste månadane i Mexico skildrar Gjerde som interessante. Kulturen og sjølve oppdrettsnæringa er ikkje som i Noreg.
— Det kan ikkje samanliknast. Vi har nokre års erfaring i gamlelandet. I Mexico er oppdrett nyare, men det gjev også høve til vidare vekst, seier Gjerde.
Selskapet har jobba med oppdrett av stripa havåbor i ti år, men Gjerde kallar det framleis byrjinga.
— Det er mykje att å løysa, men om ein ser på laksenæringa så starta den også ein stad. I 1976 blei det slakta 3500 tonn i Noreg. I 1990 var talet 150.000 tonn. Ein må prøva og feila, og læra av andre fiskeslag. Den lærdomen kan det vera greitt å ta med seg, seier Gjerde.
Språkambisjonar
Det har ikkje blitt så mykje fritid i Mexico mellom all jobbinga, men Gjerde har fått oppleva litt av kva Baja har å by på.
— Det er ein interessant plass. Maten er god, folka er kjekke og klimaet er behageleg. Det er ikkje sommar heile året, men det er aldri vinter, seier Gjerde.
På jobb er ny leiargruppe på plass, som har hatt sine fyrste strategimøte.
— Jobbmessig går det veldig greitt. Språkmessig er eg ikkje der eg vil vera endå, seier Gjerde.
Det går i engelsk, men Gjerde har sett seg eit mål: Han vil kunna snakka høveleg spansk innan fire månadar.
— Eg har hatt litt spansk tidlegare. Eg fekk friska opp att litt då eg jobba i Chile, men ikkje nok. Det vil nok vera nyttig å kunna ta møter på spansk. Folk er mest komfortable på morsmålet, så det vil gjera det greiare for dei eg jobbar med, seier Gjerde.
– Kjenner meg priviligert
Selskapet Pacifico tel i dag rundt 300 tilsette. Produksjonssyklusen til stripa havåbor liknar laksen, men mykje av jobben skil seg frå oppdrettsnæringa i Noreg.
— Mexico ligg sjølvsagt langt bak Noreg regulatorisk og teknologisk. Det er mykje meir manuelt arbeid. Difor blir det ein viktig del av jobben å få dette profesjonalisert i både selskapet og hjå myndigheitene. Det blir eit samarbeid om å utvikla dette, seier Gjerde.
Han er oppteken av at det må dyrkast meir i havet for å produsera meir mat.
— I Mexico har ein eit havstykkje som er stort og som har potensial, så dette blir interessant. Her får eg høve til å vera med å byggja opp noko, så eg kjenner meg privilegert, seier Gjerde.
Les også
____________________________________________________________________________________________________
Vil du lese gode saker om arbeidsliv? Nå lanserer vi et nytt nyhetsbrev som kommer to ganger i måneden. Her kan du melde deg på.