– Vi ser tydeleg at fleire ungdomar vel yrkesfag, og at akvakultur er blitt ei næring som fleire ungdomar ønsker utdanning innan, seier Camilla H. Kristensen i ei pressemelding fredag.

Ho er dagleg leiar for Opplæringskontoret for fiskerifaget i midtre Nordland. Saman med Kunnskapssenteret i Gildeskål, utgjer stiftingane verksemda Kigok.

Kigok har ansvaret for 140 lærlingar i Saltenregionen og Narvik. Over hundre av dei er lærlingar i akvakulturfaget.

No har Kigok inngått samarbeid med Ice Fish Farm på Island – dermed opnar det seg moglegheiter for internasjonal erfaring for lærlingane.

– Spennande dagar

To av dei som no tar deler av læretida på Island, er Tobias Larsen frå Wenberg Fiskeoppdrett og Magnus Sivertsen frå servicebåtreiarlaget Folden Akva.

– Det er spennande dagar og vi får moglegheita til mykje reising og møter mange hyggelege folk, seier Larsen.

Lærlingane er i gang med dei åtte vekene dei skal vere på Ice Fish Farm. Der lærer dei korleis bedrifta jobbar med kvalitetssikringsarbeid, sal, marknad og lakseslakting. I tillegg lærer dei om laksens produksjonssyklus, åtferd, helse og velferd.

Dei deltar også aktivt i drift av oppdrettsanlegg, og lærer om grunnleggande rutinar, oppfølging av fisk, bruk og vedlikehald av teknisk produksjonsutstyr.

– Positivt for rekrutteringa

Det blir i dag jobba for at Kigok skal inkludere praksistilbodet som ein fast del av utdanningstilbodet til lærlingar. I tillegg vil dei utvide det til fleire land og fleire læredag.

Kigok er også partnar i Erasmus+, eit av verdas største utdanningsprogram.

– Det er positivt for rekrutteringa til bransjen at lærlingane kan få internasjonal erfaring, seier Kristensen.