Utanfor Skottland er Siren Njøs (18) i gong med å ferda sin siste tur som fyrsteårs lærling om bord i brønnbåten «Ronjafisk».

— Eg er vaksen opp med båtar rundt meg, men ikkje brønnbåtar. Det verka veldig interessant, og eg hadde lyst til å prøva noko nytt og å utfordra meg sjølv, seier Njøs til IntraFish.

Som dekkslærling er arbeidsdagane varierte.

— Det er kjekt. Me driv mykje med ferskvatnbehandling, for «Ronjafisk» er éin av to båtar i Sølvtrans med ferskvatnanlegg, og akkurat no er det sortering av fisk det går mest i. I tillegg er det køyring av kran og å setja anker, seier Njøs.

Då Njøs søkte læreplass, var ikkje tilboda langt unna.

— Eg hadde tilbod tre plassar, seier Njøs.

Behovet for maritimt personell ser ut til å auka i åra framover.

— Det er minimalt med jenter i bransjen. På RonjaFisk er eg den einaste, men eg trivst med det, seier lærling Siren Njøs (18). Foto: Christian Remøy

— Ikkje gjort på eit blunk

— Det er press på arbeidskrafta. Tilbakemeldingane me får frå reiarlaga er at dei allereie manglar norske sjøfolk og at dei slit med å få tak i lærlingar. Alle lærlingane er i jobb.

Det seier Linn Therese S. Hosteland, næringspolitisk rådgjevar i Kystrederiene. Organisasjonen har hatt ei intern kartlegging saman med sine medlemmar. Ifølgje Hosteland syner kartlegginga at det trengst kring tusen tilsette i kystreiarlaga fram mot 2025:

  • Nærare 30 brønnbåtar er i bestilling.
  • Desse treng kring 500 tilsette.
  • Med fleire oppdrettsanlegg offshore og større servicebåtar som blir bygde, vil behovet for maritimt personell auka ytterlegare.

— Det er blant anna stor mangel på maskinistar, seier Hosteland.

IntraFish har tidlegare skrive om dei mange brønnbåtane som er bestilte eller planlagt bygde dei komande åra.

— Personell på brønnbåtar opparbeider seg kompetanse på teknologi og fiskehelse. Denne kompetansen må lærast og det er ikkje gjort på eit blunk, seier Hosteland.

Planen var å vera til stades på utdanningsmesser for å vekka interessa blant ungdom, men koronapandemien har sett ein stoggar for dei planane det siste halvanna året.

— Me samarbeider med opplæringskontora og det må leggast ein plan for rekruttering. Me treng nokre intensive år framover for å dekkja behovet på kort sikt, seier Hosteland.

Linn Therese Skår Hosteland er næringspolitisk rådgivar i Kystrederiene. Foto: Pressefoto

— Behov for mange framover

IntraFish har snakka med reiarlaga Sølvtrans, Rostein og Frøy, der alle skildrar dagens situasjon som grei, både med personell og lærlingar, men at behovet vil auka framover.

— Akkurat no går det greitt, men me veit ikkje korleis det blir framover, seier Harald Tom Nesvik, kommunikasjonssjef i Sølvtrans, som har kontrahert ni brønnbåtar innan 2025 og har opsjon på ti til.

— Innan blå sektor og havbruk kjem det til å bli behov for mange framover innanfor alle grupper. Det mest positive er at søkjarar til dei blå faga går opp, seier Nesvik.

— Manko på lærlingar

Behovet for maskinistar har vore ein gjennomgangsmelodi i fleire år, men i det siste har etterspørselen auka også etter matrosar, seier Inge Jarl Auestad, dagleg leiar i Maritimt Opplæringskontor.

— Dei siste to-tre åra har me særleg merka at havbruksnæringa og brønnbåtar kjem veldig. Brønnbåtane veks og treng meir personell og meir sertifisert personell, seier Auestad.

— Når det gjeld opplæring så veit me at det manglar minst 150 søkjarar til læreplassar som matrosar og motormann på landsbasis. Det er manko på lærlingar, men det er kome opp sju-åtte nye klassar på landsbasis, så me håpar å koma opp på nivået reiarlaga ynskjer om nokre år, seier Auestad.

Auestad listar opp tre hovudgrunnar til at behovet for maritimt personell aukar:

  • Lærlingar på innanriksferjer auka veldig, fordi regjeringa for fire år sidan vedtok at offentlege anbod av ein viss storleik skulle ha læreplassar.
  • Oppgang i offshoresektoren aukar etterspørselen.
  • Vekst i havbruk og transport av laks.

Opplæringskontoret til Auestad, som dekkjer Kristiansand til Sognefjorden, har allereie gjort grep.

— Me har tilsett ein eigen rekrutteringsansvarleg som jobbar aktivt i vårt distrikt, seier Auestad.

Siren Njøs (18) fekk tilbod om læreplass tre stadar. Foto: Christian Remøy

Plan for framtida

Tilbake i brønnbåten utanfor Skottland har Njøs også merka seg alle dei nye brønnbåtane som skal byggjast. 18-åringen har ein plan for si framtid.

— Eg har alltid vore ganske bestemt på kva eg vil bli og kva veg eg skal gå. Etter eg er ferdig som lærling, er planen å utdanna meg som styrmann og kanskje etter kvart kaptein. Planen er å bli kaptein på slepebåt, men eg kan også tenka meg å prøva brønnbåt, seier Njøs.