Sommerset er no fast tilsett avdelingsdirektør
Ingunn Sommerset har no fått jobben ho allereie hadde.
I oktober 2024 blei Ingunn Sommerset tilsett som fungerande avdelingsdirektør for fiskehelse og fiskevelferd ved Veterinærinstituttet. Etter ein normal tilsetjingsprosedyre er Sommerset no fast tilsett i stillinga frå 1. april 2025, skriv Veterinærinstituttet på eigne nettsider.
Ho vil med dette ha ansvaret for omtrent 100 medarbeidarar organisert i fem fagseksjonar lokalisert i Harstad, Trondheim, Bergen og i Ås.
Sommerset kjem frå stillinga som seksjonsleiar for forsking akvatisk biosikkerheit ved Veterinærinstituttet. Ho har også vore redaktør for Fiskehelserapporten, og har no i kraft av ny stilling, vore ansvarleg redaktør for rapporten.
Som Intrafish omtalte i februar var Sommsert éin av seks som søkte på stillinga.
Hausten 2024 blei det klart at Edgar Brun trappa ned og at Sommerset blei konstituert i stillinga.
– Det har vore ei interessant tid kor fiskehelse- og velferd etter kvart har fått mykje meir merksemd. Framover trur eg det vil skje mykje innan forvalting, i næringa og på Veterinærinstituttet. Det blir spennande tider, men det er på tide å sleppa til yngre krefter, sa Brun.
(Vilkår)