Oppdrettsteknologiselskapet Akva Group har vore gjennom ein vekstperiode dei siste åra. Då kalenderen bikka over i 2020 hadde selskapet 85 tilsette ved hovudkontoret. No har talet auka til 120, seier HR-direktør Livar Salte.

I intervjurundane la Salte merke til to trekk som gjekk att hjå fleire. Det eine gjekk på haldningar, medan det andre gjekk på kvar arbeidskrafta kom frå.

— Me diskuterte dette, og det verkar til å gå føre seg ein stille revolusjon, spesielt blant dei unge. No kjem det ein ny generasjon inn på arbeidsmarknaden som har vakse opp med å tenka på miljø og berekraft. Dei stiller krav og bidreg til å gjera oss betre, seier Salte til IntraFish..

Dette gjaldt både dei som blei tilsett, men også dei som ikkje blei tilsett, seier Salte.

— Skal me få tak i dei beste talenta, så held det ikkje lenger å tilby ein jobb, løn og gode pensjonsordningar. Me må også visa at me bidreg til å gjera noko positivt for klimaet og samfunnet rundt oss. Tempoet i det grøne skiftet er blitt skrudd opp i bransjen vår, utan tvil. Utviklinga vil krevja meir av oss som selskap og heile verdikjeda til havbruksnæringa, seier Salte.

Mange frå same næring

Blant dei nytilsette på hovudkontoret på Klepp kjem kring 60 prosent frå olje- og gassnæringa, seier HR-direktøren.

Akva Group
  • Akva Group er en leverandør av teknologi og tjenester til akvakulturindustrien i hele verden.
  • Selskapet er børsnotert i Oslo
  • Hovedkontoret ligger på Bryne i Rogaland.
  • På verdensbasis har Akva Group 1500 ansatte og kontor i ti land.

— Tidlegare vil eg tippa kring 20 prosent har kome frå den næringa, så det slo oss litt. Det finst mange flinke folk i olje- og gassnæringa, som i mange år har vore ein magnet på talent, særleg i Rogaland. Dette dreg me nytte av, seier Salte.

Den siste tida har HR-direktøren opplevd at stadig fleire ynskjer jobb hjå dei.

— Me hadde blant anna ei trainee-stilling ute i vinter, der me hadde over femti søkjarar. Over halvparten kunne me ha teke rett inn, seier Salte.

HR-direktør i Akva Group, Livar Salte, meiner det går føre seg ein "stille revolusjon" i den nye generasjonen som er på veg inn i arbeidsmarknaden. Foto: Akva Group

Éin av desse som Salte snakkar om, er Rebekka Tjensvoll Carlsen (29). Etter tre år i Aker Solutions, starta Carlsen som prosjektingeniør i Akva Group i mai.

— Det var den landbaserte avdelinga som skulle byggjast opp på Klepp, og RAS-teknologien, som eg tykte var utruleg interessant. Eg er veldig oppteken av miljø og berekraft, så det freista meg, seier Carlsen til IntraFish.

Ho har ein bachelorgrad i kjemi og bioteknologi og ein mastergrad i miljøteknologi, der ho har spesialisert seg innan vassreinsing.

— Å sirkulera vatnet minskar bruk av vatn og utslepp i fjord og sjø. Eg tykkjer det er eit veldig bra alternativ å få fisken på land, seier Carlsen.

— Opplever stort fokus

Ho er glad for erfaringa ho fekk i Aker Solutions.

— Det er ein bransje som i løpet av mange år har etablert gode system og prosedyrar for ingeniørarbeid. Så tykkjer eg at det er kjekt å koma inn i ein bransje som er i vekst. Då har ein høve til å vera med og påverka litt. Olje- og gassnæringa er ein meir etablert bransje, seier Carlsen.

Interessa for miljø og berekraft gjorde at Carlsen valte å studera miljøteknologi.

— Eg opplever at det er stort fokus på dette blant unge, seier Carlsen, som har nytta mykje av den fyrste tida i ny jobb til å setja seg inn i teknologien.

— Så er det jo kjekt å koma tilbake til Jæren, seier Carlsen, som sjølv kjem frå Lyefjell.

Hei!

Har du innspel til saker du meiner me burde skriva om i 2022? Då hadde eg sett stor pris på om du sende meg ein E-post til joar.vatlestad@intrafish.no.