Det skriv konsernet i ei pressemelding tysdag.

Terje Breivik er tidlegare stortingsrepresentant, parlamentarisk leiar og nestleiar for Venstre.

– Dette er ei næring eg har jobba tett på som politikar, og som nabo i Hardanger. Så for min del er dette ein kombinasjon av noko veldig spennande og lærerikt, seier han til Intrafish.

Vil løyse berekraftskoden

Der Venstre har vore opptatt av miljøet kjem han no inn i ein bransje som ofte får kritikk for dei som vil verna fjordar og anna natur frå oppdrett.

– Har du nokre tanka om den overgangen?

– No kjem eg inn i et konsern som Rolf Haugarvoll AS som satsa så mykje på berekraft. Så det å være med på å knekka berekraftskoden med dei og ein samla bransje syns eg er veldig spennande. Dette er noko me brukar store ressursar på og det er ikkje noko tvil om at dersom ein skal produsera nok mat i verden så det det ein forutsetning at ein tar tak i berekraftsutfordringane, seier han.

Rolv Haugarvoll AS
  • Eigarinteresser i 13 selskap i sjømatnæringa, med Linga Laks AS som det største.
  • Har ei totalomsetnad på nær 1 milliard kroner.
  • Har totalt rundt 100 tilsette.
  • Hovudkontor i Norheimsund, Kvam herad i Hardanger.
  • Etablert av Rolv og Åsta Haugarvoll i 1978.

Han begynte i jobben 10. oktober og fekk forslaget om grunnrenteskatt rett i fanget.

– Du kan kalle det litt hell i uhell for min del. Det er noko eg har jobba mykje med dei to siste vekene. Så trur eg og det er ein fordel at eg kjem ifrå eit politisk system når slike saker dukkar opp, seier han.

Styreleiar og eigar av Rolv Haugarvoll AS, Erlend Haugarvoll, seier i pressemeldinga at det både er nødvendig og naturleg at eigarselskapet og familien no proffesjonaliserar eigarforvaltninga av konsernet.

– Med eigarinteresser i heile 13 selskap var det ei enkel avgjerd for styret å oppretta dagleg leiar stillinga. Når me i tillegg har tilsett ein harding i jobben, Terje Breivik, med den bakgrunnen og røynsla han har, både som leiar og politikar er me svært fornøgde, seier Haugarvoll i meldinga.

Lingalaks AS driv lakseoppdrett på Linga i Hardanger. Selskapet er eigd av Rolv Haugarvoll AS. Foto: Arkivfoto Eivind Senneset

Breivik skal utarbeide ein overordna strategi for konsernet.

– Målet er at me skal verta endå betre på viktige parameter som klima- og naturavtrykk, fiskehelse, etablering av arbeidsplassar i Hardanger, og ikkje minst ta vare på alle dei flinke folka som alt jobbar for oss i dei ulike selskapa, fortset Haugarvoll i meldinga.

Terje Breivik er svært glad for å verta ein del av Rolv Haugarvoll-konsernet:

– Eg har kjent familien sidan eg var aktiv skiskyttar i ungdommen, og har hatt gleda å følgja den imponerande innsatsen dei har lagt ned for å utvikla konsernet over lang tid. Først Rolv og Åsta, og no Erlend og brørne hans. Å få høve til å jobba i eit konsern som alt gjer ein så viktig jobb med å produsera mat, men og betyr så mykje for trygge, gode arbeidsplassar heima i Hardanger, er så nær draumejobben ein kan koma, seier Breivik i same melding.

_________________________________________________________________________________________________________________

Har du lyst til å lese flere saker fra sjømatnæringa? Prøv et abonnement på IntraFish – kun kr. 1 første måned – registrer deg her!