Kommunikasjons- og rådgivingsfirmaet Kruse Larsen har jobba tett på fiskeri- og havbruk sidan det blei starta opp i 2015.

No skal dei satse enno meir på næringa, og etablerer eit større og utvida sjømatteam på seks rådgivarar. Det kjem fram i ei pressemelding frå selskapet måndag.

Sjømatteamet skal bli leia av Veronica Isabel Pedersen. Pedersen har tidlegare vore statssekretær for både Per Sandberg og Harald Tom Nesvik.

– Sjømatnæringa veks, er innovativ og blir stadig viktigare for Noreg. Men den møter også nye, store utfordringar – både regulatorisk og for omdømmet.