Tysdag morgon rykte politi og brannvesen ut til Fiskerstrand Verft i Sula etter melding om at eit fartøy tok inn vatn.

Alle er evakuerte og det er ikkje meldt om personskadar, skriv politiet i Møre og Romsdal på X.

110-sentralen i Møre og Romsdal skriv på X at det er snakk om ein brønnbåt.