I desse dagar har Statsraad Lehmkuhl starta på jordomseglinga "One Ocean Expedition". Ekspedisjonen fokuserer blant anna på at vi treng meir kunnskap om havet for ei berekraftig utvikling og dette inkluderer også global plastforsøpling. Gåsenebbkvalen som stranda på Sotra med magen full av plast har blitt eit symbol på vår øydeleggjande forsøpling av havet. Sjølv om den første plasten var oppfunne i 1869 og det alt i 1960 vart rapportert plastsøppel i havet for første gang, er det først i dei siste åra at vi har forstått omfanget av dette problemet.