Kan vi hjelpe?

Over 50 år. Enorme inntekter. Kanskje kan vi eksportere meir enn berre fisken vår, spør Øyvind Haram som har besøkt Kenya.

Øyvind Haram har besøkt tilapiaoppdrett i Victoriasjøen.
Øyvind Haram har besøkt tilapiaoppdrett i Victoriasjøen.Foto: Privat

Øyvind. Du vant i lotto. Tankane raser i det flyet eg sit på nett har letta og eg ser rett ned på Kibera. Afrikas nest største slum. Tett i tett med bølgeblikktak, som nett er herja av noko av den verste flaumen i Kenya nokon sinne. Klimaendringane gjer at det har regna mykje meir i regntida, enn kva det gjorde før. Eg er på veg heim. Eg er heldig. Eg trakk vinnarloddet då den som sørgjer for slikt, bestemte at det skulle fødast ein gut på EC Dahls stiftelse i september 1976.

Du forstår det eigentleg ikkje før du er der. Kor ufatteleg heldig du er. Eg fekk nyleg høve til å besøke Kenya for fyrste gong. Langt utanfor allfarveg. I sjølvaste bushen, eit par timar nord for Victoriasjøen har to kjenningar av meg starta eit oppdrettselskap. Båe to har budd store deler av livet i Noreg, men er afrikanske. Dei tok kontakt med meg for ei tid tilbake sidan. Kunne eg tenke meg å sjå korleis dei dreiv sitt selskap?

Etter ei veke så full av inntrykk at eg kunne ha skreve ei bok, reflekterer eg over det eg har sett. Hadde eg hatt ei tidsmaskin og reist 50 år tilbake då eg kom heim, til Frøya, Sykkylven eller i ein fjord på Vestlandet. Ting hadde ikkje vore så veldig langt unna dei heimesnikra merdene eg såg i Victoriasjøen. Det eg nett hadde sett i jorddammar på land, eg har sett liknande bilete i bøker og i fotoalbum frå tidlege tider i Norske Fiskeoppdretter Forening. Kor er vi i dag? Det er her vi verkeleg kan reflektere.

Tilapiaoppdrett i Victoriasjøen.
Tilapiaoppdrett i Victoriasjøen.Foto: Privat

Kva ansvar har vi? Eller som eg stilte spørsmål i mi overskrift: Kan vi hjelpe? På over 50 år har vi tatt enorme steg. Vi har prøvd, vi har feila. Vi har gjort grep som gjer at vi er milevis unna der vi var i starten. Vi har klart å få laks og ørret til over 100 land i verda. No kjem andre artar etter. Men godtfolk, er det ikkje og anna enn berre sjølve fisken vi kunne ha eksportert?

For all del eg veit at eg langt frå er noko eineståande. Det har vore mange eldsjeler og folk i vår bransje på besøk både i Asia, Sør-Amerika og Afrika før meg. Det er til og med fleire som har investert og bidratt. Hadde det ikkje vore for våre dyktige gründere, hadde det neppe vore lakseoppdrett verken i Chile, Canada eller andre stadar i verda. Likevel, eg spør i dag, med våre gode resultat og ikkje minst enorme kunnskap: Kunne vi ha gjort meir?

Øyvind Haram har besøkt tilapiaoppdrett i Victoriasjøen.
Øyvind Haram har besøkt tilapiaoppdrett i Victoriasjøen.Foto: Privat

Vi lev i ei verd der menneske søkjer etter nye måtar å skaffe seg mat på. Land rundt om kring i verda ser i aukande grad på moglegheiter i oppdrett av fisk. Enten på land, i dammar, innsjøar eller langs kystlinjer. Eg trur vi har svært mykje å lære mange. Eg trur vi kan eksporte vår kunnskap. Kanskje vi og kan løfte litt blikket ut av utbyttejag og ikkje minst vekk frå eit stempel vi har fått, særleg den siste tida: Profitt før alt anna. Har vi ikkje og eit moralsk ansvar her? Det er då ikkje berre i Noreg det er mogeleg å drive oppdrett av fisk.

Eg vel å sitere sjølvaste Karen Blixen, den danske forfattaren som har skreve kanskje ei av dei mest kjende bøkene om livet i Afrika. Karen gjorde seg nok nokre tankar etter 17 år på sin farm i Kenya.

Du må prege ditt liv mens du har makt over det, slik at det ikke lukker seg uten spor når du går ut av det.
(Vilkår)
Publisert 22. mai 2024, kl. 09.13Oppdatert 22. mai 2024, kl. 09.34
Øyvind André HaramKommentarGjestekommentarAfrikaTilapia