Kva om Noreg våga å bli størst i verda på berekraftig mat frå havet?
Kva om me faktisk tok grep no, i staden for å vente til andre nasjonar sprang forbi oss, skriv oppdrettar Sondre Eide i ny gjestekommentar.
Kva om me kunne auka norsk lakseproduksjon med 30–40 prosent, utan meir miljøpåverknad, utan lus, utan å true villaksen og samtidig skape tusenvis av nye arbeidsplassar og milliardar i skatteinntekter? Kva om me faktisk tok grep no, i staden for å vente til andre nasjonar sprang forbi oss?
Gjestekommentar
Skrevet av oppdretter og daglig leder Sondre Eide i Eide Fjordbruk. Eide er en av Intrafish sine faste gjesteskribenter. De øvrige er: Nina Santi, seniorrådgiver i Inaq, Sigrid Ratvik Østvik – senior associate i Wiersholm, Dag Sletmo – seniorrådgiver i DNB Seafood, advokat Halfdan Mellbye i Sands, kommunikasjonssjef Øyvind André Haram i Sjømat Norge, Erlend Bullvåg, administrerende direktør i Kunnskapsparken Bodø og økonomiprofessor Bård Misund.
Teknologien finst allereie. Lukka nullutsleppsanlegg kan fjerne forureining frå havbruksnæringa og gje oss meir fisk med mindre påverknad. Men dagens politikk er som ein mur: Innovasjon vert stoppa, og veksten stagnerer. Eit ope oppdrettsanlegg kostar 3–4 millionar kroner. Eit lukka nullutsleppsanlegg kostar 30 gongar meir. Samtidig får me ikkje produsere meir fisk, sjølv om me reduserer miljøfotavtrykket dramatisk. Dette er ikkje berre ulogisk, det er katastrofalt.
Kva om me snudde på dette no?
Tenk deg at Noreg kunne stå fremst i verda som leiande innan nullutsleppsteknologi for havbruk. Om politikarane oppretta ein 1:3-konverteringsordning, sånn at me kunne byte ut opne anlegg med lukka og produsere tre gongar meir fisk utan å påverke naturen meir, hadde me fått eit kinderegg. Dette handlar ikkje om grådigheit, da handlar om å redde fisk, fjordar, og framtida til norsk matproduksjon.
Kor mange laks skal døy medan politikarane sit i møter og «utgreiar»? Kor mange moglegheiter skal Noreg miste til land som Kina og Chile, der dei alt satsar på ansvarleg vekst? Kor mange arbeidsplassar og kor mykje teknologiutvikling skal forsvinne ut av landet før me vaknar?
Ei 1:3 ordning ville utløyst ein eksplosjon av aktivitet i verftsindustrien, med bygging av titals nye lukka anlegg kvart år. Dette ville gitt oss milliardinvesteringar i norske verkstadar og tusenvis av nye arbeidsplassar. Me ville styrka teknologiselskapa som utviklar filtreringssystem, sensorar og miljøteknologi, teknologi som Noreg kunne eksportere til resten av verda for fleire milliardar kroner i året.
Ei sånn ordning ville gjort at Noreg kunne levere meir fisk til ein verdsmarknad som skrik etter sunn, berekraftig mat. Lukka nullutsleppsanlegg kunne auka norsk sjømatproduksjon med hundretusentals tonn utan å belaste naturen meir, ja faktisk mykje mindre. Dette ville ikkje berre gjeve fleire arbeidsplassar, men også milliardar i auka skatteinntekter som kan finansiere skular, sjukehus og vegar i norske lokalsamfunn. Så kvifor ventar me?
Politisk handlingslamming
Det er berre éin ting som står i vegen for eit nytt havbrukseventyr, politisk handlingslamming. Noreg har no ein sjanse til å vise leiarskap og leggje til rette for ein vekst som er både berekraftig og lønsam. Kva om fiskeriministeren reiste seg og viste verda at Noreg er den blågrøne havbruksstormakta me har potensial til å vere?
For dei som er imot, kva har dei å tilby? Stagnasjon? Utslepp? Luseproblem? Det er dei som står i vegen for berekraft, innovasjon og norsk leiarskap.
Valet ligg hos fiskeriministeren. Og valet burde vere enkelt: Handle eller sjå på medan norske fjordar, norsk teknologi og norsk verdiskaping vert ståande stille, medan resten av verda går vidare.
Historia vil hugse dei som ikkje våga og dei som gjorde det.
(Vilkår)