Minneord over Karsten Klepsvik
Karsten Klepsvik, var ein dreven pressetalsmann og hadde oppgåver knytta til det maritime, til fiskeri og til vår rolle som skips- og fiskerinasjon.
Karsten Klepsvik døydde natt til tirsdag 8 januar kl 01:17
Vi har mista ein kjær bror, Heidi har mista sin ektemann og følgesvenn gjennom 35 år og Finn Helge og familien mister sin far, venn og bestefar.
Vi sit igjen med djup sorg og føler oss uendeleg rike som har hatt ein slik mann i vår store flokk.
Karsten var glad i flokken sin og brukte mykje av fritida på Bakkasund saman med tvillingbroren Knut og resten av den store familien. Han var svært knytt til sjøen og ville helst tilbringe all fritid i båt. Han eigde 16 prosent i shippingfirmaet North Sea Shipping, men var ikkje involvert i den daglege drifta av selskapet.
Foreldra våre var stolte av oss alle, men det var litt ekstra stas å besøka Karsten ved ambassaden i Washington eller sjå hans smilande pokerfjes i Dagsrevyen i dei fem åra han var pressesjef i Utanriksdepartementet. Han var ekspert i å ikkje svara på vanskelege spørsmål og sjølv drevne journalistar greide ikkje å lokke han ut på glattisen, men måtte slå seg til ro med at det han hadde å meddele var det einaste dei ville få greie på.
Knut var både tvillingbror og tvillingsjel og saman med eit år eldre Harald Torbjørn var dei i mange år eit sterkt trekløver i det lokale ungdomsmiljøet. Karsten valde ein karriere i Utanriksdepartementet etter at han hadde fått sin Cand Polit i samanliknande politikk og internasjonal økonomi frå universitetet i Bergen. Han tenestegjorde først på Filippinene, så i Washington DC der han møtte Heidi som skulle bli hans partner gjennom heile livet. Han avslutta sin karriere med ambassadørstillingar i Polen og til sist i Litauen.
I heimeperiodane var han i fem år ein dreven pressetalsmann og ellers hadde han alltid oppgåver knytta til det maritime, til fiskeri og til vår rolle som skips- og fiskerinasjon. Han var med i forhandlingane om den første EU-avtalen, der fiskeri var eit så avgjerande spørsmål. Seinare var han Kvalfangstkommisjonær og arktisk rådgjevar og forsvarte Noreg sine interesser med stor integritet og stor respekt for motstandarane sine synspunkt, så sant han følte dei var forankra i kunnskap og kompetanse om den omstridde kvalfangsten.
Karsten var ein vennesæl mann med eit stort nettverk av kolleger og venner som han viste å setja pris på. Han var særleg glad for alle besøk og helsingar i den siste tunge tida då det vart klart at utviklinga av den alvorlege kreftsjukdomen ikkje ville la seg stanse.
Det blir eit stort tomrom etter Karsten, men vi kjenner også stor takknemlighet for alt han har betydd for oss og korleis han let oss forstår kor mykje vi betydde for han.