Eksportkvantum for fersk laks i veke 4 enda på 16.034 tonn, 8,4 prosent lågare enn i veka før då volumet var 17.512 tonn, syner tall frå Statistisk Sentralbyrå.

Eksportvolumet er lågare samanlikna med veke 4 dei to føregåande åra.

I veke 4 i 2020 var eksportprisen for fersk laks 75,53 kr/kg, ein nedgang på 1,1 prosent samanlikna med veka før, men prisen var nær 20 kroner høgare enn i 2018 og nær 15 kroner over 2019-prisen.

I veke 4 i 2020 vart det eksportert 273 tonn frosen laks, og prisen var 60,71 kr/kg.