Det går fram av oppdateringar i aksjonærregisteret Oslo Børs VPS Arena.

Ifølgje oppdateringane selde Lovundlaks 77.700 aksjar sist veke, 18.703 aksjar veka før der, og 6.043 aksjar på slutten av november. Aksjekursen har i perioden vore på mellom 224 og 242 kroner per aksje. Det betyr at selskapet har fått mellom 22 og 25 millionar kroner totalt for aksjane.

Selskapet er dermed nummer 16 på lista over dei største aksjonærane i NRS med 290.375 aksjar.

Lovundlaks har fleire gongar tidlegare i år selt aksjar i NRS.