At situasjonen med den høge dødelegheita på Vestlandet «ikkje liknar grisen», er det veterinærspesialist i akvakultur i Aqua kompetanse, Hanna Sæteraas Bjerke, som seier til forsamlinga under lanseringa av fiskehelserapporten.

– 2023 har vore heilt frykteleg, seier ho frå talarstolen når ho snakkar om situasjonen i landet generelt:

– Det har vore nokre forferdeleg uakseptable saker, sånn her kan vi ikkje drive som næring.

Ser positiv haldningsendring

Intrafish møter Bjerke etter ho har tala til forsamlinga. Der sa ho at fleire av tinga ho tok opp, er ting som ho har snakka om i fleire år.