7700 fisk klemt i hel på brønnbåt

I slutten av august skulle rundt 11.000 laks fraktast til slakteri med brønnbåt frå Cermaqs lokalitet i Husfjord. Det gjekk ikkje etter planen.

«Inter Barents» til kai på Sortland. Det var om bord på brønnbåten «Inter Barents» 7700 fisk blei klemt i hel.
«Inter Barents» til kai på Sortland. Det var om bord på brønnbåten «Inter Barents» 7700 fisk blei klemt i hel.Foto: Sortland Havn KF

Om kvelden 28. august blei brønnbåten «Inter Barents» lasta med fisk på Cermaqs lokalitet i Husfjord i Hammerfest. Ifølge kommunikasjon mellom Cermaq og Mattilsynet blei det etter 25 minutt oppdaga at skyveskottene på båten var køyrt feil veg. Dei hadde også kilt seg fast – og fisken blei klemd.

Dette resulterte i at omtrent 7700 fisk døydde om bord, ifølge kommunikasjonssjef i Cermaq, Astrid Aam. Ho opplyser at det totalt var om lag 11.000 laks på båten, med ei vekt på 4,8 kilo.

Det var ved denne lokaliteten til Cermaq i Husfjord i Hammerfest at fisken blei lasta om bord.
Det var ved denne lokaliteten til Cermaq i Husfjord i Hammerfest at fisken blei lasta om bord.Foto: Cermaq