Det var slakteriet som melde ifrå til Mattilsynet om at fisken ikkje såg korrekt bløgga ut, noko Mattilsynet bekrefta etter sine undersøkingar av fisken.
50.000 kilo blei vidaresendt
Til IntraFish sa Nina Møgster fredag at eit parti allereie var på veg til ein kunde, men bilen stoppa og fisken destruert grunna usikkerheit rundt kvaliteten.
Møgster er dagleg leiar i Lingalaks, som eig fisken.
– Resten av fisken som stod igjen på kjølelageret då avviket blei meld, blei inspisert av Mattilsynet og deretter sendt til foredlingsanlegg innanlands for kvalitetssortering og vidareforedling.