I 2020 hadde Fiskeridirektoratet ein tilsynskampanje med mål om å undersøkje om verksemdene gjennom sine internkontrollsystem sikrar miljømessig forsvarleg bruk av legemiddel.

Etter kampanjeperioden var avslutta sende direktoratet ut ei anonym spørjeundersøking med formål om å få tilbakemelding om korleis verksemdene vurderte nytteverdien av tilsynet, og om tilsynet førte til forbetringsarbeid i verksemda, skriv Fiskeridirektoratet på sine nettsider.

Spørjeundersøkinga blei sendt ut til alle dei 21 verksemdene som fekk tilsyn under kampanjeperioden, og av desse var det 12 verksemder som svarte.