Såkalla «hamsterhjul» er ein ring plassert i midten av merden, og brukast til å halde taknettet oppe over vassoverflata.

Hamsterhjul er ikkje eit vanleg syn i merdar – dei brukast gjerne berre på dei mest vêrharde lokalitetane i Finnmark, ifølge Mattilsynet. Dei er lite i bruk no, og er stort sett erstatta med stenger på dei fleste lokalitetar i dag.

Nokre lokalitetar har det altså likevel framleis. Ein av dei er Griegs lokalitet Sarnes – i Finnmark.

11. september får Mattilsynet varsel om aukande dødelegheit på nettopp denne lokaliteten.