Ho drøymer om å løyse det største problemet oppdrettsnæringa har
Forskar Aina-Cathrine Øvergård er ein av dei som framleis har trua på ein lusevaksine. Vi blei med ho på jobb, for å sjå korleis dei jobbar for å nå målet.
Bergen, Høgteknologi-senteret til universitetet: Gjennom lange gangar, inn fleire dører – ein labyrint for nokon som er der for først gong.
Av med uteskoa og på med klogger, inn ei anna, meir solid dør.
Eit rom fylt med lukta av fisk og lyden av vatn som sildrar og pumpar. Der står dei kvitkledde på rekke og rad, og jobbar med noko mange meiner ikkje vil gå:
Å lage ei vaksine mot lakselus.
Gir ikkje opp
Aina-Catrine Øvergård er ein av desse kvitkledde, håpefulle. Ho er førsteamanuensis fiskehelsebiologistudiet ved Universitetet i Bergen og leiar for vaksineprosjektet som er finansiert av FHF (Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfinansiering). Ho fortel at mange av kollegaene hennar ikkje har trua i det heile på at dei faktisk vil klare å utvikle ei vaksine.
– Så vi må halde ryggen rak og berre prøve, ler ho.
Øvergård synest å merke at trua er fallande, at fleire og fleire ikkje trur det vil gå. Det var annleis då ho for elleve år sidan byrja å jobbe ved Lakselussenteret.
– I sin tid var hovudmålet med senteret å lage vaksine, men dei lykkast jo ikkje. Etter det føler eg det har blitt sett på som vanskelegare og vanskelegare, fortel ho.
– Ja, rett og slett, svarar ho.
Likevel finst det altså dei som ikkje gir seg, og prøver på nytt – gong etter gong. No meiner Øvergård at dei har kome opp med ein ide som kanskje kan føre til noko.
Slim og spytt
I vaksinen Øvergård prøver å utvikle, er slim og spytt sentrale stikkord.
Målet er nemleg å bruke spyttet frå lusa som vaksine. Forhåpentlegvis vil dette gi antistoff ut i slimet på laksen. Då vil desse antistoffa binde seg til spyttet frå lusa, og gjere at spyttet ikkje verkar slik som det skal – altså å dempe laksens immunresponsar. Ei lus ser nemleg ut til å vere avhengig av ein slik demping for å kunne ete av laksens hud over ein lengre periode, forklarar Øvergård.
Øvergård samanliknar verknaden av spyttet frå lusa med eit anna kjent middel:
– Det blir som å ta pyrisept i eit sår, som reinsar, held reint og dempar responsane. Og viss ein vaksine kan forhindre dette, vil laksen kunne sette i gang ein immunrespons som sparkar lusa av, seier ho.
Mikrochippa
Øvergård forklarar framgangsmåten for forsøka, som strekker seg over fleire veker. Når fisken er 30–40 gram, setter dei inn ein mikrochip i buken. Denne skal brukast til å kjenne igjen kva fisk som er kva, kva vaksine den har fått og å følge med på om den går opp i vekt.
– Det er veldig viktig å sjå at vaksinen ikkje gjer at fisken minkar i størrelse. Det kan indikere at fisken har vaksineskadar, som fører til at den mister matlysta. Så vi følger med på at den har god fiskehelse og god vekst, forklarar forskaren.
Å få operert inn ein slik chip er uansett ei påkjenning for fisken, og det er også grenser for kor ofte den kan bli bedøva, så etter det får fisken kvile i eit par veker.
Når fisken har fått roa og normalisert seg, kan dei på ny bedøve den – og sprøyte inn vaksinen.
Etter to veker tar dei prøver av nokre av fiskane, for å sjå om vaksinen har byrja å virke. Etter åtte veker kan dei ta ut resten av fisken, og det er det dei held på med den dagen Intrafish kjem på besøk til laboratoriet.
Ei vanskeleg oppgåve
Per Gunnar Espedal er overingeniør ved Institutt for biovitskap, og er også ein av dei håpefulle i laboratoriet denne dagen. Han seier det er eit spennande arbeid å vere med på.
– Forsøka er aldri heilt like, det skjer noko nytt kvar gong, seier han.
– Det er klart det vil bety mykje for fiskevelferda, først og fremst, med mindre smitte for både oppdretts- og villaksen.
Espedal kallar det ei vanskeleg oppgåve – men med ein veldig stor gevinst om dei lukkast.
– Det forsvarar alle forsøka, seier han, og poengterer at det ikkje berre er ei eventuell vaksine i seg sjølv som er nyttig med alle forsøka:
– I tillegg får vi mykje anna kunnskap om fiskens immunforsvar, og om dei mekanismane lakselusa brukar for å dempe immunforsvaret. Og så er det mange stipendiatar og masterstudentar som får jobbe med spennande prosjekt, og lære om vaksineutvikling generelt, men også laksebiologi.
Skal snakke fiskens sak
Ei av dei er Ine Rysjedal. Ho er på siste semester av det fem år lange masterstudiet i fiskehelsebiologi, og er ein av fem masterstudentar som deltek på forskingsprosjektet.
– Det er veldig kult å vere med på – uansett om akkurat dette går gjennom eller ikkje. Det er veldig spennande å vite korleis prosessen er, og eg har lært mykje, seier Rysjedal.
Ho har alltid vore glad i både fisk og havet. I tillegg er ho frå ein plass med mykje oppdrett – Austevoll utanfor Bergen. Då var det naturleg at studievalet fell på nettopp fiskehelse, fortel ho.
– Dei er dei framtidige fastlegane – og advokatane – til fisken, seier Øvergård og ser på Rysjedal.
– Ja, vi skal snakke fiskens sak, følger Rysjedal opp.
Medan studenten held fram med å skrape slim av fisken, gir Øvergård ein annan fisk eit bestemt kakk i hovudet for å avlive han.
– Det er nedsida med slike forsøk, at det går ein del fisk. Men vi prøver å bruke færrast mogleg og å bruke same fisk til fleire ting. Og så har vi alltid gode grunnar for å bruke dei, seier Øvergård.
– Ja. Om vi får utvikla ei lusevaksine, kan det spare ganske mange villfisk og oppdrettsfisk for mykje liding. Så ein må heile tida vekte for og imot, seier ho.
– Utruleg tilpassingsdyktig
Men dette tilbakeviser Øvergård.
– Det var noko ein trudde, men Lars Are Hamre frå Lakselussenteret og Tina Oldham og Kevin Glover frå HI fann ut at det var hovudsakeleg sollys som stimulerer pigmentering, seier ho, og forklarar at det ein såg den gongen, nok var eit resultat av ei mørkare og meir regnfull årstid.
– Men det er forståeleg at slike teoriar kan oppstå, då lakselusa er utruleg tilpassingsdyktig. Vi har produsert lus på labben som ikkje dannar viktige protein og der dei er heilt herja innvendig, men dei held seg fast, legg ho til.
– Eg tenker at styrken med det eg prøver å lage, er at vi vil ta inn veldig mange protein. Då er du meir sikker på at du ikkje får ei lus som enkelt kan tilpasse seg vaksinen.
– Ja. Men at lusa tilpassar seg er jo eit scenario som kan skje, ja, viss du har mutantar som oppstår tilfeldig.
Draumen lever
– Eg er litt 50/50. Men vi veit ikkje før vi har prøvd – og vi må prøve alt før ein seier det ikkje går. Men eg forstår at det er veldig mange som ikkje har trua. Eg får mykje sånn «ja ja, lykke til, då», seier ho.
– Ja, det gjer den absolutt. Viss ikkje hadde vi ikkje gidda.
– Nei, svarar Øvergård resolutt.
Held fram
Det er nemleg mange ulike komponentar som skal fungere i vaksinen, forklarar ho. Men det er også det som vil vere vaksinen si styrke – at den blir ein kombinasjon av fleire element som angrip lusa frå fleire hald.
– Så vi må først finne ut kva vi skal sette vaksinen saman av. Først då kan vi gjere smitteforsøk, seier ho.
Nokre veker etter at Intrafish besøkte forskarane i laboratoriet på universitetet, snakkar vi med Øvergård igjen.
– Også denne gongen viste det seg at den aktuelle vaksinekandidaten ikkje gav god nok respons, seier ho.
Så då er det berre å halde fram med å prøve.
(Vilkår)