Lakselus: – Å ha så låge tal seint på sommaren og fram mot hausten er sjeldan
I august var det berre 37 lokalitetar som gjekk over lusegrensa. Mattilsynet seier det er vanskeleg å vite kva som er årsaka til dei låge tala.
– Vi ser at talet på innmelde overskridingar har gått mykje ned og er svært låge samanlikna med august tidlegare år, seier Else Marie Djupevåg. Ho er seniorrådgivar ved seksjon for fiskehelse og fiskevelferd ved Mattilsynet sitt hovudkontor.
I august i år var det 37 lokalitetar som gjekk over grensa på 0,5. Til samanlikning var det 77 overskridingar i 2022, 92 i 2021 og heile 137 i 2020.