Det var ikkje få saker som kom fram i media i 2023 knytt til dårleg fiskehelse i oppdrett. Men for Mattilsynet var ikkje året så annleis dei fleste andre år.

– 2023 har ikkje vore så unormalt, seier Lise C. Rokkones, seksjonssjef for fiskehelse og fiskevelferd, om arbeidsmengda i fjoråret for Mattilsynet, og legg til:

– Det har vore krevjande, som alltid. Vi keiar oss ikkje i denne jobben, seier ho.

Intrafish møter Rokkones og kommunikasjonsrådgivar Lars Tore Hestad på Mattilsynets kontor i Bergen nokre veker ut i årets første månad, for ein prat om både det nye året, men også året som gjekk.