Tidlegare i februar kom det fram at Mattilsynet hadde bestemt at Grieg Seafood Finnmark måtte slakte ut all fisken i fire merdar på lokaliteten Vinnalandet.

Der hadde det døydd 118.450 fisk på ein månad, etter angrep frå perlesnormanet. Mattilsynet meinte at oppdrettaren ikkje innan rimeleg tid kom til å sikre forsvarleg fiskevelferd for fisken og at ein kunne forvente at dødelegheita ville halde fram med å vere svært høg i fleire veker framover.

Roger Pedersen, mediekontakt i Grieg Seafood Finnmark, opplyste til Intrafish at dei klaga på vedtaket, og at Mattilsynet skulle komme på nytt tilsyn 12 februar.