Oppdrettar om reinsefisk: – Ein svært effektiv lusefjernar
– Det er viktig at vi får betre statistikkar på bruk av reinsefisk, seier Marø havbruk-leiar Elin Tveit Sveen. Ho er ein av dei som ikkje er klar for å gi slepp på dei luseetande fiskane.
Nyleg fortalde både Salmar og Eide fjordbruk at dei vil fase ut bruken av reinsefisk i løpet av 2025.
Intrafish har spurd fleire oppdrettarar om kva dei meiner om reinsefisk.
Lingalaks er eitt av selskapa som brukar reinsefisk i dag, men Ørjan Drønen Madsen fortel at dei arbeidar med andre førebyggande metodar som skal fase ut reinsefisk på sikt.