Bremnes Seashore hadde i juli ei rømmingshending ved eit av sine anlegg i Stokksund ved Bømlo.

Det skriv Fiskeridirektoratet i ei melding.

Selskapet har rapportert om ein større skade i ei not på lokaliteten Holevik i Stokksund mellom Bømlo og Stord. Notskaden vart oppdaga i samband med ein rutinemessig inspeksjon etter avlusing i slutten av juli.

Omfanget av rømminga er ikkje klarlagt. Den aktuelle nota har oppdrettslaks med storleik på 3–4 kg. Det er meldt inn gjenfangst på 45 fisk i området.