I sommar var Mowis lokaliet Kåholmen på lista over sju lokalitetar med høg dødelegheitsprosent. Kåholmen kom aller verst ut – med ein dødelegheit på 36,82 prosent.

Då sa kommunikasjonsdirektør i Mowi, Ola Helge Hjetland, til NRK:

– Produksjonen går langt betre her no, og dødelegheita er under snittet for næringa.

Det skulle likevel ikkje vere slutt på utfordringane ved Kåholmen.

No er heile lokaliteten slakta ut.

Skulle behandle lus

I september skulle fisk på lokaliteten bli behandla med Skamik/BB Orca, men undervegs oppstod det høg behandlingsdødelegheit.