Gjestekommentar

Skrevet av oppdrettar Sondre Eide. Han er en av IntraFish sine faste gjesteskribenter. De øvrige er: økonomiprofessor Bård Misund, Sigrid Ratvik Østvik – advokatfullmektig i Schjødt, Dag Sletmo – seniorrådgivar i DNB Seafood, ulike bidragsytere frå Sjømat Norge, Nina Santi, seniorrådgivar i Inaq og Erlend Bullvåg, administrerande direktør i Kunnskapsparken Bodø.

I fjor døydde over 62 millionar laks i norske oppdrettsanlegg. Hovudårsaka til dette er, direkte og indirekte, lus og avlusing. Næringa har og må ta ansvaret, men det hadde vore til hjelp om politikarane og ansvarlege myndigheiter spelte på lag.

Ifølgje den ferske fiskehelserapporten som Veterinærinstituttet publiserte nyleg, døydde altså over 16 % av laksen medan dei var i sjøfasen i 2023. Det er eit altfor høgt tal. Vi må berre erkjenne at kostnaden ved lusehandteringa er for høg. For kvar avlusing som vert gjennomført, svekkast fisken si helse, og risikoen for sjukdom og død aukar. Alle gode krefter bør difor gå saman for å løysa luseutfordringa. Næringa og teknologien er klare til å gjera vår del, men vi treng også at politikarane faktisk gjer det dei har vedteke at dei skal gjere. Innføre ei miljøteknologiordning som gjer det økonomisk mogleg å konvertere frå opne merdar til produksjonsmetodar som held lusa og laksen frå kvarandre.

Berre dette vil gi eit stort bidrag

Det er svært gledeleg at både Høgre og Venstre har vore tydeleg utolmodige overfor Regjeringa i kravet om å få på plass ei miljøteknologiordning (eller miljøfleksibilitetsordning som Havbruksutvalet føreslo). Eg håpar også at SV held fram arbeidet frå i fjor, der opposisjonspartia både til høgre og venstre for regjeringa sikrar eit fleirtalsvedtak om å innføre ei slik ordning. For uansett kor mykje Myrseth hevdar at «det er jo berre å ta i bruk ny teknologi»", blir det ikkje sant av den grunn. Den største hindringa for at me raskt kan løysa luseutfordringa, og dermed kraftig redusera dødelegheita, betra fiskevelferda, og leggja til rette for berekraftig vekst i sektoren, er dessverre regjeringa og fiskeriministeren.

Men det er og viktig at ikkje Stortinget berre samlar seg om ei «lavutslippsordning», kor næringa får tilbake nedtrekksvekst ved å flytta litt fisk over i andre produksjonsformer. Dette er sjølvsagt bra, men da må vere prioritert at ein kan konvertere eit langt større volum frå open til heilt lukka produksjon, kor du held laksen og lusa frå kvarandre. Berre dette vil gi eit stort bidrag til å senka lusetrykket betydeleg. For at slik konvertering skal skje, må det mykje sterkare incentiv på plass. Det er difor viktig at Høgre og dei andre partia ikkje gjer ting halvvegs no. Stortinget må gjerne etablere ei ordning for lavutslippsteknologi, men dei må også ha ei ordning kor dei som går heilt over frå open til lukka teknologi, med långt strengare kriterium, kan produsera meir enn berre nedtrekksvolumet. Viss ikkje legg dei berre til rette for hybridbilar, og ikkje elbilar.

Næringa har tatt ansvar

Me har investert i utvikling, forsking og innovasjon. Det har resultert i teknologiar som klarer å beskytta fisken frå lusa, samla opp slam, og kraftig forbetra tiltaka mot rømming. Me treng at fleire tek til innovasjonen og vidareutvikling av dagens teknologiar. Utfordringa er at dette er svært teknologisk avanserte produksjonsmetodar, som kostar om lag 20–30 gonger meir å investera i, samtidig som driftskostnadane er langt høgare. Det å hevda, slik Myrseth gjer, at næringa berre «kan gjera det», vitnar om relativt liten økonomisk forståing. Trur regjeringa verkeleg at folk flest ville kjøpt seg elbilar i stor skala dersom dei koste 7–8 millionar kroner?

Oppdrettsnæringa har aldri bedt om subsidiar, det gjer vi heller ikkje no. Vi bed berre om lov til å produsera meir, gitt at produksjonsmetodane som vert nytta bidreg til ei oppdrettsproduksjon fri for lakselus. Gjennom å få auka produksjonsvolum vil dei nye produksjonsmetodane bli bedriftsøkonomiske lønsame, lusetrykket vil gå ned langs kysten, og fellesskapet vil få auka skatteinntekter til skular, helse og politi.

I ei tid der mykje av diskusjonen handlar om kva næringa som skal få risikoavlasting frå skattebetalarane (eller subsidiar som det eigentleg heiter), burde det vere relativt hyggeleg for regjeringa å ha ei næring som seier at vi ikkje treng ein einaste krone frå statsbudsjettet, men ei forskrift som lèt oss få skapa meir verdiar for fellesskapet?

Løysningane ligg klare på bordet til statsråden

Det er heller ikkje særleg innsiktsfullt av Myrseth å peika på den kommande dyrevelferdsmeldinga, eller den totale gjennomgangen av løyvesystemet som kjem ein gong i framtida. Problema må løysast no, og løysningane ligg klare på bordet til statsråden.

Sjømatbedriftene, regjeringa sine eigne fagmiljø, ei rekkje naturorganisasjonar og andre ekspertar er samstemte om behovet for å få på plass incentiv for lukka produksjonsmetodar i havbruket. Det å innføre incentiv for metodar som syt for null lus, vil ikkje påverka trafikklyssystemet negativt. Tvert imot, vil dette medføre at det samla lusetrykket går ned. Det vil vera bra for naturen, for villaksen, for dyrevelferda og for norsk økonomi. Eg skulle ønskje vi hadde ein fiskeriminister som ville bidra til berekraftig endring i havbruket, framfor å sitja stille i båten og koma med usamanhengande og dårlege argument mot ei utvikling alle ser må kome. Det er derfor på tide at Myrseth legg vekk talepunkta, og heller bruker tid på å etablere miljøteknologiordninga som heile bransjen treng.

Bør vedta følgjande forslag

Fiskehelserapporten bør vera eit varsel og startskot og for politikarane. Det er svært gledeleg at opposisjonspartia, utan unnatak, verkar å vere meir opptekne av berekraftig utvikling enn det regjeringspartia er. Eg håpar også AP og SP kjem på bana no, slik at Stortinget kan samla seg om gode incentiv, særleg for teknologiar som held laks og lus frå kvarandre. For dersom ordninga berre gjeld nedtrukket produksjonsvolum aleine kjem det ikkje til å bli den store endringa aleine, dessverre. Da er også på tide Stortinget samlar seg til det beste for fiskevelferd, næring og Noreg, og vedtar følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa innføra ei incentivordning, der kravet er at vert og parasitt blir haldne åtskilde, og at forskrifta blir fremma i løpet av 2024. Som ei konverteringsordning».

For næringa har eit ansvar, men regjeringa og Stortinget må og gjera si del av jobben. Viss dei ikkje vil leggje ned litt arbeid i å betre havbruksnæringa til det beste for fisk, natur og Noreg, kva treng vi dei for då?