Prosjektet blei leia av instituttet, som no er i ferd med å ferdigstille ein sluttrapport som skal leverast til Mattilsynet. Åkerblå har vore ansvarleg fiskehelseteneste, og Pharmaq har delteke som vaksineleverandør.

Den smitta laksen fekk stå i sjøen.

– Fisken blei i liten grad sjuk, men mot slutten av produksjonstida blei det påvist ILA-virus i alle merdar, heiter det i pressemeldinga frå instituttet.

Dei melder at avirulent ILA-virus (ILAV HPR0) kan vere opphavet til fleire utbrot i området.

– Det har aldri før vore gjennomført ein tilsvarande feltstudie, seier Karl Erik Bekkeli i Salaks, som er samarbeidspartnar på prosjektet.

– Påvist virus i alle merdar

Sommaren 2021 blei det påvist ILA på nyleg utsett smolt på Salangslia. Fisken var vaksinert mot ILA, og Mattilsynet gav dispensasjon til at den fekk stå på lokaliteten under nøye overvaking. Dispensasjonen blei gitt etter einigheit om klare avbrotskriterium.

– Ved oppstarten blei det påvist sjukdomsframkallande ILA-virus i prøver frå fisk i fire av sju merdar, melder instituttet.

I perioden september 2021 til og med mars 2022 blei det funne ein HPRdel-positiv fisk. Mot slutten av produksjonstida blei det påvist virus i prøver frå fisk også frå resterande merdar.

Sonal Patel og Karl Erik Bekkelig under prøvetaking på slakteriet til Salaks. Foto: Veterinærinstituttet

Talet på viruspositive fisk auka jo lengre fisken blei ståande i produksjon, og dei fleste påvisingane av ILA-virus blei gjort på svimare eller daudfisk.

Det blei påvist ILA-virus i rundt 5,6 prosent av over 3650 prøvetatte fisk, der 2,2 prosent var ILA-HPRdel-positive.

– Vår vurdering er at så lenge viruset blir påvist, uavhengig av kliniske teikn og førekomst, vil det vere risiko for spreiing i miljøet. Lav førekomst gjer det vanskelegare å finne positive fisk gjennom stikkprøvar, seier Sonal Patel i meldinga. Ho er forskar og prosjektleiar ved Veterinærinstituttet.

Vellykka produksjon

Oppdrettsselskapet Salaks sette ut 760.000 storsmolt på Salangslia i mai 2021. Det blei slakta ut 3212 tonn med ein snittvekt på 5,2 kg med ein superiorandel på 91,84 prosent.

– Dette tilseier at trass ILA, mange avlusinger og eit komplekst sjukdomsbilde, gjekk det bra med produksjonen, melder instituttet.

Dei første fem månadene i sjø var akkumulert dødelegheit på 0,75 prosent, og ved lokalitet ved enda produksjon, 10,04 prosent. Avgang i anlegget skuldast hovudsakeleg avlusing og annan sjukdom, ifølge instituttet.

– Den auka dødelegheita i siste halvdel av produksjonen trur vi i stor grad skuldast avlusing og handtering av fisk. Det var ingenting som tilsa at denne dødelegheita skuldast ILA-sjukdom, seier Bekkeli i Salaks.

Han fortel at dei i Salaks har blitt enno tryggare på deira vaksinestrategi for å førebyggje ILA.

– Vi vil fortsette å vaksinere for framtidige smoltutsett. Dei fiskevelferdsmessige fordelane ved å vaksinere mot ILA var av stor betydning på Salangslia, uttalar Bekkeli.

– Behov for kunnskap

– Vaksinering kan bli ein viktig del av ein framtidig ILA-strategi, og det er behov for kunnskap knytt til smittedynamikk og sjukdomsutvikling i vaksinerte grupper under feltforhold, melder Veterinærinstituttet.

I studien la Mattilsynet til grunn at helsesituasjonen på anlegget var stabilt god. Prosjektet hadde ingen uvaksinert kontrollgruppe som samanlikningsgrunnlag for effekten av vaksinen.

Prosjektet viste at ILA-vaksinert fisk kan bli infisert og sjuk. Sjølv om vaksinen reduserer sjukdom, kan ikkje smitteutskillelse utelukkast, melder instituttet.

– For å oppnå langsiktig reduksjon i ILA-tilfelle, er det viktig å både overvinne virus og redusere smittespreiing. Virus som får sirkulere over lang tid aukar faren for nye mutasjonar og for etablering av reservoarer også utanom oppdrettsfisk, seier Patel.