Onsdag morgon presenterer Havforskningsinstituttet (HI) årets risikorapport. Dette er ein årleg rapport som viser deira funn for korleis det står til med oppdrettsfisken og miljøpåverknaden frå næringa.

Forskar ved HI, Ellen Sofie Grefsrud, er redaktør for rapporten. På spørsmål om kva som har vore dei viktigaste funna, startar ho å snakke om dødelegheita.

– Den har gått opp, samtidig som snittdødelegheita ikkje har endra seg så mykje, seier ho til Intrafish.

Dette forklarar ho med at mykje av dødelegheita kan forklarast med at det er sett ut meir fisk.