– Det er veldig stas. Me er i ein prosess med å busetje oss nærmare heime. Planen er heimekontor, med regelmessige turar til Bergen og elles der Benchmark har aktivitet, seier Brede Fannemel over telefonen.

Han er utdanna sivilingeniør i havbruk og sjømat frå UiB, og har også eit årsstudium i biologi frå NTNU i Ålesund. Her delar han litt om jobbkvardagen i Benchmark Genetics.

Foto: Kay Åge Strøm-Grøtan

– Kva står på planen i dag?

– For tida jobbar eg mest med å planlegge datainnsamling på ein ny generasjon laks som skal bli framtidige avlskandidatar her i Noreg.