FoU

Se alle artikler

Enkle grep gir gode luseresultat for Midt-Norsk Havbruk

Med enkel teknologi har Midt-Norsk Havbruk funne ein metode for å sikre nok oksygenrikt vatn inne i merdane slik at selskapet kan ha kontinuerleg bruk av luseskjørt. Det har gitt svært gode resultat.

- Me har hatt skjørt på alle lokalitetar i Midt-Norsk og Bjørøya sidan august i fjor når me fann ut av dette. Det har aldri vore så lite lus. Me er begynt å slakte på to av vår-16 lokalitetane våre som har brukt det, og har aldri nokon gong hatt så gode veksttal. Ein gong har me avlusa her. Medan me for vår-14 generasjonen hadde rundt 50 dagar med fôringsstopp på grunn av avlusing, har me hatt sju dagar stopp på vår-16 generasjonen, fortel dagleg leiar Tore Holand i Midt-Norsk Havbruk til IntraFish.

Fisken endrar oppførsel

Årsaka til dei gode resultat, skuldast ifølgje Holand at dei kan bruke luseskjørt gjennom heile året. Med enkel teknologi blir oksygenrikt vatn ført opp frå 15-18 meters djupne for å sikre nok oksygen til fisken i periodane det er dårlege oksygenforhold på grunn av naturen eller luseskjørta. I desse periodane endrar også fisken oppførsel, og samlar seg som ein monolitt i vasstraumen.

- Intensjonen vår var å få opp oksygenrik luft for å kunne ha luseskjørta på heile tida. At fisken ville endre åtferd, var ikkje tanken vår. Når oksygennivåa er normale, går fisken tilbake til vanleg notgang, seier Holand.

Holand fortel at det var produksjonssjef Frank Øren i Midt-Norsk Havbruk som fann ut metoden for å skape den rette vasstraumen inne i merden. Metoden er patentert av selskapet.

- Utstyret er enkelt å montere. Det er låge investeringar og ingen risiko for fisken. Me brukar berre luft, og ein kan bruka heilt vanlege kompressorar som alt er på flåten. Det er måten du styrer og tilset lufta som er patentert. For å utruste ein normal stor lokalitet med systemet, vil det koste frå 200.000 til 800.000 kroner alt etter storleiken på lokaliteten og val av løysing, fortel han.

Teknologifond

Men sjølv om metoden er patentert, skal alle som vil kunne bruke den. Vilkåret er at ein betaler inn 10.000 kroner per konsesjon ein har til eit teknologifond som Midt-Norsk Havbruk har oppretta. Fleire selskap har alt tatt dette i bruk.

- Me ønskjer at næringa skal få ta dette i bruk. Andre oppdrettarar kan enkelt byggje dette sjølv, eller dei kan bruke to produsentar som me har inngått avtale med. Me reknar med å få til eit fond på 10-15 millionar kroner. Så langt er ikkje statuttane ferdige, men fondet skal dele ut pengar til teknologiutvikling i oppdrettsnæringa. Gründerar eller unge med idear som har problem med finansiering kan få støtte gjennom fondet, eller andre selskap med gode idear. Då kan det vere aktuelt både å gje tilskot eller opprette eit nytt selskap der me går inn på eigarsida. Det er mange måtar å gjere dette på for å sikre teknologiutvikling, seier Holand.

Montert hos Salmar

IntraFish har vore i kontakt med fleire av selskapa som har investert i teknologien. Fleire av dei har ikkje fått tatt det i bruk enno, men er i gang med å installere det. Salmar har hatt det i bruk på ein stor lokalitet med stor fisk i tre veker, og erfaringane er gode så langt.

- Me har jo akkurat starta opp, så det er ikkje så mykje me kan seie no. Men tanken er jo å kunne jobbe proaktivt og ha luseskjørta meir på. Me ser at me løftar oksygenet og har like gode oksygennivå innafor som utanfor merden. Systemet flyttar meir sjø og appetitten til fisken er bra, seier dagleg leiar Roger Bekken i Salmar Farming til IntraFish.

I videoen nedanfor kan du sjå korleis det ser ut på overflata når systemet er i bruk, og korleis fisken samlar seg som ein monolitt inne i vasstraumen.

</p>