FoU

Se alle artikler

Klarer å finne unik ID på kvar enkelt laks

Sintef Ocean har utvikla eit verktøy dei kalla SalmID som gjennom prikkemønstra på laksen klarer å kjenne igjen kvart enkelt individ av laksen.

Det fortalde Aleksander Lillienskiold, forskar i Sintef Ocean, under andre dag av Sjømatdagane på Hell.

Dei har gjennom fleire program utvikla metoden for å finne unik identifikasjon av kvar enkelt laks, ein individuell ID som kan følgje laksen gjennom heile verdikjeda.

- Laks har prikkemønster og er ikkje åleine i dyreverda om det. Dette er brukt til å identifisere gepardar og hai, og no prøver dei òg på froskar. Me antar at desse prikkane på laksen er unike konstellasjonar, fortalte Lillienskiold.

Ved hjelp av deep learning har forskarane klart å sortere vekk støy frå «prikkebilda» av laksen. Deretter har dei leita etter unike konstellasjonar av fire eller fleire prikkar, omtrent som når ein kikkar etter stjernemønster på stjernehimmelen om natta.

- I det første prosjektet hadde me 99 prosent treffsikkerheit på 361 laks som vart avbilda ved hjelp av deep-learning. Men me måtte lage fleire algoritmar. Og det gjorde me, fortalte han.

I det andre prosjektet tok dei tre bilder av 28.500 laks og fann unike konstellasjonar av prikkar. Av ni laks tok dei i tillegg ni bilder til. Målet var å kunne finne igjen desse ni laksane blant alle 28.500 ved hjelp av prikkemønstra.

- Der var det 100 prosent treff. Me fann dei ni av 28.500. Men no skal dette utviklast enno vidare, for me må vere heilt sikre på at det fungerer. Den siste delen av prosjektet held me på med no, fortalde han.

---

Hold deg oppdatert på hva som skjer i norsk og internasjonal oppdrettsnæring – følg oss på Facebook, Linkedin og Twitter, eller abonner på vårt daglige nyhetsbrev. Her finner du ett sett med ordforklaringer for næringen.