FoU

Se alle artikler

Endeleg klar for første utsett på mørkegrøn konsesjon

Fire år etter at Hardingsmolt fekk kjøpt ein av ti såkalla mørkegrøne konsesjonar, vil selskapet i sommar setje ut første fisk i det semilukka anlegget.

Sjøset nytt flytande lukka anlegg til jul

Les mer

Lukket anlegg for Hardingsmolt

Les mer

Grønne konsesjoner

  • En spesiell type tillatelser vedtatt i 2013 for å «redusere miljøutfordringene med rømming av oppdrettsfisk og spredning av lakselus».
  • Totalt 45 tillatelser, i tre ulike grupper; A, B og C.
  • I gruppe A og B måtte oppdretterne komme opp med løsninger som enten reduserte risiko for rømming, eller sikret nivåer på under 0,25 lakselus og maksimalt 3 medikamentelle behandlinger per produksjonssyklus.
  • Gruppe A for forbeholdt Troms og Finnmark, mens gruppe B ble solgt over hele landet gjennom en lukket budrunde. Gruppe C, også kalt «mørkegrønn», hadde ekstra stenge krav.
  • Auksjonen i gruppe B endte med at konsesjonene ble solgt til 55 – 66 millioner kroner stykket.

Kilder: Fiskeridirektoratet og Nærings- og fiskeridepartementets nettsider.

- Ja det har tatt tid, men no er me der. Me kunne satt ut tidlegare i år, men sidan området skal brakkleggast frå 15. juni så valte me å vente til den felles brakkleggingsperioden er over, fortel dagleg leiar Jakob Drivenes i Hardingsmolt.

Overtar lokalitet frå eigarselskap

Selskapet har fått overtatt ein av lokalitetane ein av eigarane, Kobbevik og Furuholmen, ikkje hadde bruk for lengre ved Koløyholmen i Fitjar kommune.

- Den er ikkje eigna for dei, men perfekt til vårt føremål, fortel Drivenes.

Hardingsmolt skal setja ut smolt på rundt 500 gram i to semilukka merdar. Her skal den vekse seg opp til 1 kg før den vert levert vidare til eigarselskapa Fremskridt Laks og Kobbevik og Furuholmen som produserer fisken vidare til slaktestorleik.

Nyutvikla anlegg

Selskapet vart tildelt ein mørgegrøn konsesjon i gruppe C i 2014-riunden. Det var ein av 10 konsesjonar i denne gruppa som vart selt til ein fastpris på 10 millionar kroner.

Det er selskapet Merdslippen som har utvikla anlegget som no skal bli tatt i bruk. Ei årsak til at det har tatt tid, er mellom anna sertifiseringa av den nye typen anlegg. Men no er anlegget ferdig testa og klar til å ta i mot fisk i løpet av sommaren.

Styreleiar i Hardingsmolt, Ingebrigt Landa, har tidlegare sagt til IntraFish at dei vil lære seg å bruke utstyret, og at det difor ikkje er aktuelt å produsere slaktefisk.

- Me har tru på lukka produksjon som ei delløysing, men ikkje ei endeleg løysing. I starten vil fisken etter kvart bli flytta over i opne anlegg, sa Landa då IntraFish fortalte om det nye anlegget i fjor.

---

Hold deg oppdatert på hva som skjer i norsk og internasjonal oppdrettsnæring – abonner på vårt daglige gratis nyhetsbrev.