I 2016 var det 872 aktive prosjekt i sektoren marin/sjømat med eit samla budsjett på over 3,1 milliardar kroner som vart omfatta av SkatteFUNN. Skattefrådragsestimatet var på 568,7 millionar kroner, og budsjettert kjøpte FoU-tenester var på 190,5 millionar kroner. Det går fram av tal frå Norges Forskningsråd.

I tillegg til desse var det også 57 marin/sjømat-prosjekt som går inn i sektoren for jordbruk. Det fordi alt som har med merkevarebygging og foredling, også for fisk, å gjere, går inn i jordbrukskategorien.

-