Det seier Øyvind André Haram, kommunikasjonssjef i Sjømat Norge. Han brenn for at nordmenn skal eta meir fisk.

Sjølv vaks han opp på øya Vigra utanfor Ålesund, med fiskeri og havbruk tett på geografisk, men ikkje i familien. Då han vaks opp var det fleire fiskebruk på øya. Men ikkje no lenger.

– På Vigra i dag er det ingen bruk att. Eg tenker at dette er viktig, for det er på mange måtar daudt i lokalsamfunnet når det forsvinn. Fiskebruka var liksom litt navet og det haldt folk saman, og no er dei berre vekke. Det er heller ikkje lokalbutikk på Roald lengre, der eg vaks opp, og det tykkjer eg er trist, fordi du ser at plassar med fiskebruk, der er det liv og det bidreg til meir. Det er som røter på eit tre som forplantar seg vidare, fortel Haram engasjert.

Fredagsintervjuet

Namn: Øyvind André Haram

Alder: 46 år

Bustad: Trondheim

Familie: Gift og har tre born på 21, 19 og 17 år.

Stilling: Kommunikasjonssjef i Sjømat Norge

Utdanning: Bachelorgard i journalistikk og mellomfag i historie og grunnfag i statsvitskap.

Den tidlegare kommunen Vigra var ein fiskerikommune, og hadde oppdrettsanlegg tidleg, seier Haram. Han sjølv og fleire av vennane hans jobba på båt.

– Så fiskeri har stått og står framleis sterkt der på øya i dag i form av reiarlag, og debatten om om struktur og endringar engasjerer meg framleis, seier Haram.

46-åringen seier det har sett spor i han, sjølv om han ville vekk som ungdom. Haram ynskte seg vekk frå heimstaden og Sunnmøre etter vidaregåande skule. Han var litt «fed up», som han seier. Han ville få nye impulsar. Desse skulle gjera at han i mykje større grad sette pris på mykje av det han ville vekk frå som ungdom.

Heimstaden og dei nye impulsane han har fått på vegen har gjort at mottoet han har er «Sjømatglede ut til folk flest». Det likar han å snakka mykje om, gjerne frå ei scene.

Øyvind André Haram har starta eit eige føretak der han leiger seg ut til å vera konferansier, debattleiar eller møteleiar innan andre ting enn fisk. – Samtalar med folk tykkjer eg er veldig spennande. Foto: Joar Offerdal Vatlestad

Torde ikkje søkja

Haram brukar mykje tid på å tenka på korleis han kan bli betre til å formidla.

– Det er det som driv meg, er ikkje at eg på daud og liv skal ha merksemd frå publikum. Om det var viktig så hadde eg gjort meir ut av teaterinteressa, seier Haram.

Det gjorde han nemleg ikkje. Tidlegare dreiv han med amatørteater og var veldig engasjert. Han valte teater som studieretningsfag og var lenge i stuss på om han skulle søkja Statens Teaterhøgskule eller journalistikk.

– Så hadde eg ikkje nok tru på meg sjølv. Mange sa at eg burde søkja Teaterhøgskulen, men så torde eg aldri. Eg har ikkje angra, men eg har tenkt at det kunne vore artig å prøvd, seier Haram.

Å karikere, spele og spele saman med andre på ei scene tykkjer han er veldig artig. Han har i fleire år vore engasjert i amatørteater, og var i ein periode styreleiar i eit spel i Trondheim. Nok av dette får han delvis gjera i jobben no òg, kanskje ikkje karikera, men har får formidla.

– Eg har aldri hatt konkurranseinstinkt i sport, det finst ikkje, men på ei scene kan eg bli gira og vera oppteken av korleis bli betre.

Hold deg oppdatert!
Skreddersy varslene dine og følg med på hva som skjer i næringa.

Sidan han aldri søkte på Teaterhøgskulen, blei det journalistikkstudiar på sunnmøringen.

Etter å ha tent fedrelandet som journalist i Forsvaret, vende han kort tid heim i jobb i NRK Møre og Romsdal før nasen blei venda mot Oslo, noko han ikkje hadde sansen for. Han likar at folk bur ute på landet.

– Men så måtte eg jo det viss eg skulle satsa på kjærleiken, så då blei det jo til at eg flytta til Oslo og jobba der nokre år.

Familieforaukning og turnusjobbing gjorde at det var best i bu nærare besteforeldre, og då venda Haram attende til Trondheim.

Sunnmøringen er også veldig glad i musikk, men presiserer at han ikkje er utøvande på feltet. – Eg hadde ei sylkort karriere på klarinett og orgel, men kan ikkje skryta på meg noko der. Men eg likar veldig godt jazz, og engasjerer meg ein del innan musikk i Trondheim, seier Øyvind André Haram. Foto: Joar Offerdal Vatlestad

– Blei svar skuldig

Som journalist ynskte Haram å kunna noko. Han ville ikkje jobba turnus og kunna to prosent om fisk og ein prosent om ulykkesstatistikk. Det er det han meiner er journalistikken si største utfordring.

– Om ein har ei hypotese der ein trur ting er sånn og sånn, så er det gjerne ikkje slik, men mykje meir. Du får mykje meir kunnskap, breidde og innsikt om du kan noko om eit område frå før, seier Haram.

Med havbruk og fiskeri tett på kroppen i oppveksten, ville Haram jobba med tematikken som journalist i NRK, men han ville også læra meir om det.

– Eg blei svar skuldig på eit morgonmøte i nyhenderedaksjonen. Då blei det diskutert kva me skulle leva av, og eg visste jo at me skulle leva meir av fisk i dette landet, men klarte ikkje å argumentere godt nok for kvifor og korleis. Då tenkte eg at eg måtte ha meir kunnskap, for eg hadde trass alt vakse opp med dette rundt meg på øya, seier Haram.

Han hadde ikkje sett det heilt for seg, men interessa for hav og fiskeri leia han den vegen. Etter tolv år i NRK, med ansvar for fiskeri nokre av åra, gjekk ferda vidare til Fokus Bank nokre år før han i 2010 starta i Sjømat Norge. Der han nærmar seg sitt 13. år.

Øyvind André Haram hadde ei av dei større rollene i Korsvikaspillet i Trondheim i flere år på rad, som handelsmannen Erling fra Møre. Foto: Korsvikaspillet.no

– Det irriterer meg

Haram seier han aldri hadde kunna blitt politikar, men meiningar har han.

På spørsmål om kva han ville gjort om han var fiskeriminister for ein dag, så svarar Haram tre ting. Det fyrste handlar om grunnrenteskatt på havbruk.

– Eg ville fyrst sendt forslaget tilbake og bedt om å få ei grundig utreiing av eit system og ein modell som er bygd på havbruk, ikkje på vasskraft.

Haram meiner næringa kan bidra meir.

– Det ser eg jo, for ein kan ikkje forventa at ei næring skal sitja med 50 prosents marginar ikkje skal kunna bidra meir i ei verd som faktisk har utfordringar. Men ein må i alle fall ha ein skattemodell som ikkje fjernar all risikokapital, og som kappar handa av heile leverandørindustrien.

Han er ikkje særleg nøgd med måten forslaget kom på, og tida det tek før det er landa i Stortinget.

– Den kan føra til at enkeltselskap sit der med nesten hundre prosent skatt. Det kan ikkje ha vore intensjonen, og det irriterer meg at dei kan vera så fordømt arrogante at dei ikkje kan innrømma at her gjorde det ikkje eit godt nok arbeid i utreiinga, seier Haram.

Det er meir sympati å henta om ein kan innrømma feil, seier Haram.

Meir sjømat til fleire

Det andre Kommunikasjonssjefen i Sjømat Norge ville gjort, var å få fleire til å prioritera sjømat.

– Me må leva meir av sjømat, så eg ville skrudd til litt og bedt om å få til betre innkjøpsordningar eller noko i det offentlege apparatet.

Han brenn for at nordmenn skal eta meir fisk. For han er det ei gåte at me har taco-fredag i Noreg.

– Det er noko dobbeltmoralsk ved det når ein har statlege dokument som seier at me skal eta meir sjømat fordi det er bra, og så gjer me ikkje noko meir med det, seier Haram.

Det tredje Haram ville gjort, var å henta fram Tveiterås-rapporten og gjort noko med norsk fiskeindustri, fått meir tilarbeiding i Noreg.

– Eg ville teke nokre av grepa frå rapporten og skapt betre rammevilkår for fiskeindustrien.

Han seier dei som veks opp i Møre og Romsdal har konkurranse litt i ryggmergen, at ein skal konkurrere med kvarandre, også utlandet.

– Du må stå på, men med tollbarrierar ut mot Europa så sender du fisken din til Polen og lagar fiskekakene der. Då får du ikkje dei arbeidsplassane på heimøya mi som du kanskje kunne fått. Det tykkjer eg er trist.

På fritida likar Haram seg i hagen. Foreldra hadde ei stor tomt på byggefeltet på Vigra, så han trur dei grøne fingrane kjem derfrå. – Eg tykkjer det er veldig deilig å kopla av i hagen. I fjor kjøpte me faktisk drivhus, seier Haram, som også likar seg ute på tur med puddelen deira. Foto: Joar Offerdal Vatlestad

– Det har alle godt av

– Du ville vekk frå heimbygda som ungdom, men du snakkar veldig varmt om den og alt som var der no. Kvifor det?

– Du får aldri sett sterkt nok pris på det før du kjem deg litt vekk og får litt nye impulsar. Eg trur det er mange som råtnar litt på rot om dei aldri kjem seg vekk og får desse impulsane. Du får litt nye idear, verdiar kanskje, tankar og venner, og det har alle godt av, seier Haram, og legg til:

– Men eg lengtar ofte heim til det å ta båten ut på havet, sette krabbeteiner og gå på høge fjell. Dei såkalla «Fosenalpane» er ikkje akkurat det dei vert kalla.

Om du skulle bli forelder nokon gong, er det to ting Haram meiner du bør gjera. Det eine er å ta med ungane og køyra til Nord-Noreg og verkeleg sjå Nord-Noreg. Det andre er at du må sjå Vestlandet.

– Det er to unike ting i verda. Det finst eigentleg ikkje noko i denne verda som er heilt likt. Tenk på kor mange som aldri har vore nord for Gjøvik. Det trur eg er litt av grunnen til at me som sjømatnæring har mange fordommar mot oss. Alle veit korleis det ser ut inne i ein fjøs, i alle fall ganske mange, men det er få som har sett eit oppdrettsanlegg eller fiskeindustrien.

Haram er raskt ute og påpeikar at Sjømat Norge og næringa her har eit stort ansvar.

– Me er verdsmeistrar i å putta fisken vår i kasser og senda den ut, for det er alltid ein kunde der ute.

På veg opp til Straumshornet i Sykkylven, 976 meter. Foto: Privat

– Ei ufatteleg spennande historie

Han meiner mange andre næringar er flinkare til å få fram stoltheitskjensla, og han meiner det er mange fordommar mot sjømatnæringa. Han har også ei forklaring på kvifor.

– Om du tek ein trekant frå Lillehammer og ned til Kristiansand og Halden, så dekkjer den tre fjerdelar av Noregs befolkning. Der er ikkje me. Me er ikkje synlege der eller nok til stades på dei arenaene.

Helge Gåsø (t.v.) og Øyvind André Haram under ein samtale i Trondheim i 2020. Foto: Bent-Are Jensen

På ei scene og som formidlar ynskjer Haram å få fram dei gode historiene, finna ut kva som driv folk og kvifor dei tok vala dei gjorde.

– Det er så mange i sjømatbransjen som har ei god historie som me skulle fått meir av. Rett før koronaen intervjua eg Helge Gåsø på Royal Garden. Det var fyrste gongen han sat på ei scene etter at han gjekk ut døra av Midnor, og fyrste gongen han fortalde historia si offentleg. Det var ei ufatteleg spennande historie, seier Haram.

Som møteleiar og konferansier er ofte Haram i sentrum.

– Men eg er medviten på, og livredd for, at folk skal bli dritlei av at eg står på ei scene heile tida, så eg kan ikkje alltid gjera det. Me må løfta fram andre som er gode.