Bjarne Johansen

Stilling: Prosjektleiar for Havfarmen 1 i Nordlaks.

Alder: 35 år.

Sivilstatus: Gift, tre born.

Bustad: Sortland.

Utdanning: Fiskehelsebiolog.

Koronavirus, ein Havfarm i Kina som snart skulle vore framme i Noreg allereie, heimekontor og stengde skular og barnehagar.

Korleis går det, sånn eigentleg?

— Hehe, nei det går eigentleg greitt, seier den 35-år gamle prosjektleiaren i Nordlaks. Han startar gjerne dagen klokka 04.00 med jobbing før døtrene hans vaknar.

— Det er tidsforskjell på sju timar til Kina når det er vintertid.