Ved kaien på Marineholmen i Bergen ligg det seglbåtar på rekke og rad som badar i refleksjonane frå julelys. Det er rett og slett ganske idyllisk utanfor sjømatgiganten Lerøys hovudkontor.

Men er idyllen like god innafor dørene?

Den nytilsette leiaren for kommunikasjon og samfunnskontak hos Lerøy Seafood Group, Aina Valland, tar i mot oss. Ho har funne plass på eit av selskapets mange møterom. Ho er blid og imøtekommande. Lett å like.

– Men det bruker ikkje å vera tvil om kva eg meiner, seier ho og ler.