Kathleen Offman Mathisen

Stilling: Konserndirektør for HR og internkommunikasjon i Grieg Seafood.

Alder: 50 år.

Utdanning: Kurs i leiing/vidareutdanning frå UiB, NHH og BI.

Bustad: Bergen, Sandsli.

Oppvekst: Fødd i Port Louis, Mauritius. Budde i Lærdal frå ho var 6 til 19 år.

Familie: Gift, to døtrer: Marion (23) og Nathalie (17).

Ho såg på jobben som ei real utfordring då ho gjekk frå olje til oppdrett for fire år sidan. Men i september tok livet ei dramatisk vending for HR-sjefen i Grieg Seafood. Kathleen Mathisen fall om på jobb, blei henta i ambulanse og køyrd til Haukeland sjukehus.

Beskjeden frå legane var tydeleg: «Me har kontroll». Men diagnosen hjernehinneblødning bar bod om at ting ikkje ville gå over på eit blunk.

– Det kom så utruleg brått på. Eg sat på kontoret og hadde møte – alt var fryd og gammen – med litt latter. Så skulle eg gjere meg klar for å køyre heim. Eg tenker no i ettertid at det er bra eg skrudd saman slik at eg «berre nett skal gjere noko» – eg skulle svare på ein e-post og litt slikt før eg reiste.

Plutseleg kjente ho eit kraftig trykk i hovudet.

– Det var som ein ekstrem hovudpine, – det var eigentleg ikkje det heller, eg har aldri kjent noko slikt – og stort smerte i nakken. I løpet av tre sekund skjønte eg at dette var noko verkeleg alvorleg. Eg måtte berre ringe heim. «Eg er skikkeleg dårleg – eg trur du må hente meg», sa eg til mannen min. Han dreiv og spurte litt – og så «bang» svima eg av på kontoret. I løpet av veldig kort tid fann kollegaen mine meg og ringde til sjukebil umiddelbart.

Kathleen Mathisen flytta frå Lærdal til Bergen då ho var 19 år. Sidan har ho blitt verande. Ho har vore engasjert i å auke kunnskapen om mangfald og inkludering blant næringslivet i Bergen i mange år. Foto: Marthe Njåstad

Måtte starte på «scratch»

Mathiesen blei køyrd rett til Haukeland sjukehus. Den friske og spreke 50-åringen hadde fått hjernehinnebløding og måtte gjennom ein hjerneoperasjon. Så måtte ho kjempe seg tilbake til kvardagen.

Før operasjonen fekk ho beskjed om at ho kom til å vere vekke frå jobb eit halv år, pluss.

– Eg berre: «Eit halvt år, det har eg ikkje tid til, seier Mathisen.

Etter operasjonen kom beskjeden om at ho hadde vore ufatteleg heldig.

– Legane kallar det ei solskinshistorie. Dei seier at ein tredjedel ikkje overlever ei hjernebløding, ein tredjedel kjem seg tilbake i ein viss grad og ein tredjedel kjem tilbake i jobb og kan fungere som normalt. Legane sa at eg nok høyrer til det øvre sjiktet av dei som klarer seg best.

I starten kunne ho ikkje kle på seg sjølv eller komme seg opp av senga.

– Eg opplevde at eg måtte starte på «scratch» på ein del ting. Det med å stå opp om morgonen var utruleg slitsamt, det å kle på seg var vanskeleg. Eg hadde ikkje balanse. Det med digitale flater klarte eg heller ikkje. Eg var mentalt sliten og opplevde ting som støy.

Jobben inneber normalt sett mykje reising til lokasjonane Grieg har i inn- og utland. Foto: Privat

– Jobben har vore heilt fantastisk

Ho måtte lære kroppen heilt enkle, banale ting att. Og færrast mogleg fekk ha kontakt med ho.

– Jobben silte veldig kven som fekk ta kontakt med meg – det var ekstremt få. Heime var det berre ungane og mannen som fekk snakke med meg. I starten var det overveldande. Jobben har vore helt fantastisk. Dei har delegert oppgåver og beskytta meg til dei grader. Heime også, familien har klart mykje meir enn eg trudde.

Litt etter litt kom ho tilbake til seg sjølv - og allereie i november starta ho så smått å jobbe att. No jobbar ho nesten fullt frå heimekontoret, som restan av dei tilsette på hovudkontoret til Grieg Seafood.

– Eg kan seie det slik at eg har eit stykke att som eg må forhalde meg til. Legane er veldig strenge og seier at eg må bruke tid på å bygge opp energi. Det er veldig viktig. Eg vil trenge eitt år på å komme heilt tilbake, erkjenner ho.

Mathisen er ikkje ein ukjent skikkelse i Bergen. Ho har vore involvert i mangfald- og inkluderingsarbeidet i byen i ei årrekke gjennom Bergens Næringsråd. I 2013 vann ho også Sunniva-prisen, som blir gitt til kvinnelege leiarar på veg oppover. Prisen skal også sikre mangfald i leiinga i næringslivet.

Kathleen Offman Mathisen ute på jobb. Foto: Privat

Spørsmålet er om ho i tida som kjem skal vere normal eller «propell», som ho kallar det.

– Eg har alltid vore veldig engasjert og gjort svært mange ting. Men legane sa også at det ikkje er livsstil eller jobben som har gjort at eg fekk hjerneblødinga. Eg ville fått det uansett og det er ingenting eg kunne gjort for å unngå det, seier ho – og legg til:

– Men dette endrar kanskje perspektivet litt – ein skal kanskje jobbe normalt 100 prosent – ikkje for to eller for halvannan. Eg har hatt mykje kapasitet for eg har engasjert meg og har vore interessert i mykje. Men eg har ikkje tenkt at det var jobb.

Ny lyd av ringeklokker

Mathisen er født på Mauritius. Men som seksåring flytta familien saman til den vesle bygda Lærdal på Vestlandet – kor mora hadde fått jobb som sjukepleiar. Møtet med bygda vart eit sjokk, fortel ho.

– Eg kom rett frå Mauritius som er ein ekstremt sosial stad, det finst ikkje dørklokker og alle er ute. Då eg kom til Lærdal tenkte eg: «Kva er dette for eit land?» Alle var inne og eg måtte ringe på dørklokker. Den var utruleg skremmande den lyden av dørklokka. Eg kvapp kvar gong.

Mathisen kunne ikkje eit ord norsk og gjekk rundt med små handskrivne lappar mora hadde laga til ho:

– Det stod: «Hei! Kva heiter du? Eg heiter Kathleen, vil du komme ut og leike?» – Eg skjønte jo ikkje kva dei svarte meg, ler ho.

Men kontakt med små og store i den vesle bygda omkransa av stupbratte fjell, det fekk ho.

– Eg trur me blei fortare integrerte i det norske samfunnet fordi det var så lite der. Eg tenkte ikkje at me var frå eit anna land, sjølv om me nok var blant dei første framandkulturelle som kom til Lærdal. Begge foreldra mine var i jobb på sjukehuset, mor som sjukepleiar og far på kjøkkenet – det var ikkje mange spørsmål om at me var ei belasting for samfunnet.

Ho leika med liten og stor – folk i alle aldrar – og var med dei lokale bøndene for å hauste poteter. No har ho eitt breitt nettverk med det ho kallar eit enormt spenn av type menneske.

Ho har ofte fundert over kvifor det er så mange som opnar seg for ho.

– Eg kan ikkje ta taxi utan å få livshistoria til taxisjåføren, og me har alltid gode samtalar. Dei opnar seg for meg og nokon gir eg til dømes tips om karriere og korleis dei kan jobbe med det dei eigentleg er utdanna til.

– Eg er vel litt over snittet interessert i menneske. Det ligg latent i meg.

Foto: Marthe Njåstad

Ekspert på oppseiingar

Men på eit tidspunkt vurderte Mathisen om det å jobbe med HR og menneske var noko ho skulle halde fram med. 50-åringen har til saman 17 år bak seg i olje- og gassektoren.

– Me hadde ein periode med ekstremt mange nedbemanningar i olje og gass. Eg sat med det over fleire år. Det var ekstremt tappande å sitte i samtalar med folk som gjerne hadde utfordringar, og så skulle eg seie dei opp. Eg sa ofte at eg har bygd meg opp uønskt kompetanse. Ein blir god på område ein ikkje ønsker å vere god på.

Ho innsåg likevel at det kanskje var bra at det var ho som sat i den rolla.

– Er ein god på slike prosessar, er det kanskje betre at du sit der enn nokon andre. Du blir jo bodbringaren. Det har skjedd at eg har fått e-post mange år etterpå kor folk har takka meg for prosessen – og for at eg såg dei som menneske og respekterte dei.

Oppfølginga ho gav andre i tøffe situasjonar har ho fått att no når ho sjølv blei sett ut av spel.

– Eg fekk så mange superfine meldingar frå tidlegare kollegaar og tilsette - også folk som kanskje har vore alvorleg sjuke sjølv som sa: «No skal eg følge deg opp, fordi du følgde meg opp då eg var sjuk». Det er heilt utruleg kva dei skreiv, seier ho – og legg til:

– Då innsåg eg at folk har sett pris på det eg har gjort og at dei oppriktig ønsker sterkt at eg kjem meg tilbake. Det er klart at når ein ligg nede så hjelper alle slik ting. Då eg låg på sjukehuset tenkte eg berre: Eg har to jenter, ein jobbe eg trivst i og mange gode vener. Eg er ikkje klar for å legge inn årene. Det blei ein «drive» og eit fokus.

Frå olje til laks

Vegen inn i oppdrettsbransjen fann ho i 2016 – då ho fekk stillinga som konserndirektør for HR og internkommunikasjon i Grieg Seafood. Ho kom frå stilling som HR-direktør i DOF Subsea – eit selskap ho jobba for i 14 år.

– Det var ein stor overgang med tanke på kultur. Eg kom frå olje- og gass kor det var det prosedyrar over alt – til ei næring kor «me har det me treng». Det var på ein måte ei frigjering. Næringa skal ikkje bli som olje og gass, men me kan lære av kvarandre. Det er gjort så mykje bra i olje og gass, men det er mange ting ein ikkje skal ta med seg også – som alle prosedyrane.

Mange vart overraska då Mathisen starta å jobbe att allereie i november i fjor. No er ho nesten tilbake for fullt i Grieg. Foto: Marthe Njåstad

Det at ho gjekk inn i ein bransje om gjerne ikkje er ein «front-runner» når det kjem til kvinnelege tilsette, var ho fullt klar over.

– Mor mi har alltid vore sånn: «Når det går bra, skal du dele». Så kvar gong det har skjedd noko bra med meg, har eg stoppa opp og tenkt, kven kan eg dra med meg opp no? Det å vere aleine er kult det, men det å vere saman med nokon og skape noko – det var det som gjorde at eg gjekk inn i denne næringa. Folk sa at bransjen er så konservativ og lukka, då tenkte eg: «Wow, då er det moglegheiter der».

Såg du det som ein «challenge»?

– Ja, utan tvil.

Brytingstid

– Eg opplever at me kanskje er i ei brytingstid i bransjen. Ein er i ferd med å innse at ein ikkje har gjort nok. Det er noko «gamaldags» som heng litt igjen i næringa. Men eg trur det er færre kvinner som skyr næringa no enn før. Mange jobbar seg opp frå botnen av. Det vil ta nokon år før me ser dei stor endringane, men det betyr ikkje at det ikkje skjer noko. Me må ikkje seie at det er så dårleg, det handlar ikkje om det. Jobben som blir gjort er ikkje naudsynt synleg i form av delen kvinner på leiarnivå ennå.

Ho utdjupar:

– Eg opplever at mange jenter vil inn i næringa og eg synest det er superinteressant at ting er blitt meir digitalisert no. Det er ikkje slik at det er tungt arbeid, som det var for nokre år sidan. Eg er opptatt av å vise at me er så privilegerte at me får lov til å produsere mat til verda, og så må me jobbe med berekraft heile tida.

Då ho annonserte at ho skulle over i oppdrett var det mange som kom med negative kommentarar.

– I starten var eg frustrert, fordi eg synest det var overveldande mykje usakleg som blei sagt - og eg hadde ikkje argumenta for å svare på ein del ting. Eg opplevde at næringa var lukka og ikkje kommuniserte. Men det var ein av dei tinga eg hadde lyst å endre på og bidra med. Me må vise at me gjer dei rette tinga, at me vil ha ein berekraftig produksjon og vere audmjuke over at me får låne fjordane, avsluttar Mathisen.

__________________________________________________________________________________________________

Har du lyst til å lese flere nyheter fra sjømatnæringa? Prøv oss for 1 krone den første måneden