– Eg må seie at eg er litt betenkt over at vi har eit dårleg omdømme og ikkje klarar å formidle at det er ei så fantastisk næring.

Det seier Rita Karlsen. Ho har vore administrerande direktør i Brødrene Karlsen sidan 2010, og er barnebarnet til ein av dei to grunnleggarane av firmaet – Hilbert Karlsen.

Dei fleste vil kanskje forbinde selskapet med kvitfiske, men faktisk står laks for rundt 70 prosent av omsetninga i konsernet. Den kjem frå oppdrettet og slakteriet i Flakstadvåg på Sør-Senja, smoltanlegg i Bergsbotn og Dyrøy – og vidareforedling på Husøy.