Namn: Olav Svendsen
Alder: 59 (blir 60 om ein månad den 5. februar)
Stilling: Konsernsjef i Bremnes Fryseri som er morselskapet til Bremnes Seashore
Utdanning: Bedriftsøkonom frå BI
Bustad: Bremnes på Bømlo
Sivil status: Singel, to born (ein gut på 24 år og ei jente på 21).
– Far min starta med lakseoppdrett rundt 1960, og eg var med omtrent frå starten. Fiska pale (vestlandsk for småsei. red.anm.) som vart malt opp og brukt som våtfôr. Det har skjedd ei utruleg utvikling i næringa i løpet av desse snart 60-åra, både med tanke på fôr, sjukdomar og teknologi, seier Svendsen til IntraFish.