Tasha Prestø-He

Alder: 31 år

Stilling: Key Account Manager i Lerøy Seafood

Utdanning: Siviløkonom frå NHH

Bustad: Bergen

Oppvekst: Kina og Trondheim

Sivilstatus: Gift

På jobbintervjuet hos Lerøy i 2015 fekk Tasha Prestø-He spørsmål om ho kunne skilnaden på torsk og skrei.

«Nei, eg har inga aning. Er det to ulike fisk?» svarte 31-åringen.

– Eg kunne verkeleg ingenting

Likevel fekk ho jobb som key account manager for sal av tilverka produkt til Asia i Lerøy Seafood.

Sidan har det balla på seg. No skal den engasjerte 31-åringen, saman med Piotr Wingaard, vere konferansier på den verdskjente sjømatkonferansen North Atlantic Seafood Forum i juni. I år blir den digital.

Prestø-He under ei sjømatmesse i Qingdao i Kina. Foto: privat

– Det er ei ære. Eg håpar at eg kan leve opp til det. Eg har eit vanvettig stort engasjement og brenn for næringa. Eg gledar meg mykje. Sånne digitale eventar kan ofte bli litt platte. Og eg trur at det blir kjempegøy at me får lov til å vere det menneskelege limet, og ikkje minst vil det sikkert bli litt tekniske utfordringar som me må hjelpe til med. Det er først gang konferansen blir halden digitalt. Eg håpar me kan vere med å guide folk og sprite ting litt opp, seier Prestø-He.

Trønder som elskar Bergen

Tasha Prestø-He er fødd i Kina og kom til Trondheim med foreldra sine då ho var 10 år.

No er ho gift med ein bergensar og har ingen planar om å bu andre stader.

– Eg synest det er verdas penaste og flottaste by. Eg er rett og slett ein trønder som er ekstremt glad i Bergen.

Ho flytta til byen som 19-åring for å studere på NHH.

– Det er typisk NHH-studentar å ha lyst til å bli konsulent, og dei har gjerne signert kontrakt eit halvt år før ein er ferdig med studia. Men eg forstod tidleg at eg hadde lyst å jobbe med produksjon – og gjerne matproduksjon. Det at ein lagar noko handfast og konkret som ein kan selje er fascinerande. Og uansett kva som skjer må ein ete, det har eg i alle fall sett i denne pandemien - at det var eit lurt val.

Prestø-He har ansvaret for sal av tilverka fryste fiskeprodukt mot den asiatiske marknaden. Sal er noko ho trivst godt med.

Tasha saman med ektemannen Simon og hunden «Vaffel» framfor hytta i Eikedalen. Foto: privat

– Eg har lyst å selje ting eg brenn for. Det å selje norsk sjømat er heilt fantastisk – det er ei av Noregs fremste merkevarer. Det er sunt, ikkje minst – og så deilig og velsmakande. Det er draumejobben å selje noko slikt.

Blå vind som bles

I tillegg til å drive med sal, heldt ho også på med utvikling av emballasje og design – og utvikling av nye produkt.

– Eg får vere med å påverke veldig mykje. Det er ein gøy og spennande jobb. Eg kom inn i bransjen ved eit tilfelle, men det er her eg skal bli. Eg skal ingen andre stader.

Som NHH-student var ikkje havbruk eit «hot» tema og noko folk snakka om.

– Eg trur det er heilt annleis no. Både i den grad at eg ser kor mange frå NHH og BI som jobbar hos oss. Til at eg høyrer om at før i tida ar det nesten ikkje var noko karaktersnitt når ein skulle inn på fiskerihøgskulen i Tromsø. Det er nok ein blå vind som bles på ein heilt annan måte enn tidlegare. Eg trur næringa er blitt flinkare til å reklamere og fronte seg sjølv som ei berekraftig og framtidsretta næring som er attraktiv å vere i.

Men det er ikkje til å stikke under stol at næringa har sine krasse kritikarar og at debatten om villaks, lusepåverknad, lukka eller opne anlegg og fiskevelferd – går føre seg for fullt der ute.

– Ja, næringa har utfordringar. Men eg føler også at dette er ei næring som er løysingsorientert og at me blir pusha til å bli betre. Ein kan klage og seie at «Me får det så mykje tøffare enn andre, sjå på grisenæringa og andre oppdrettsnæringar. Der er det verre, og kvifor bli ikkje det tatt tak i»? Ein kan ha den tilnærminga, eller innsjå at all kritikk gjer oss betre, det tvingar oss til å bli meir produktive, betre på dyrevelferd og lus. Det er det som gjer at me som næring går vidare.

Her heldt 31-åringen eit innlegg om norsk torsk sin posisjon i den kinesiske marknaden på Norway-China Seafood Summit 2019, i regi av Sjømatrådet Foto: privat

Fordel å forstå kulturen

– Kva ville du gjort dersom du var fiskeriminister for ein dag?

– Eg ville ha sett av midlar til ein infokampanje om kor mange ringverknader oppdrettsnæringa og havbruk skapar for Noreg og samfunna langs kysten. Og også for å setje fokus på kor synd det er at me ikkje et meir sjømat, enn me gjer. Det er billeg og sunt – og me burde i større grad nytte oss av dette.

Bakgrunnen frå Kina, og at ho snakkar mandarin, har vore ein klar fordel i jobben trur ho.

– Det har mykje å seie at eg forstå kulturen, mattradisjonen og marknadane. Det var nok i min favør då eg fekk jobben.

I ei normal kvardag inneber jobben også mykje reising austover.

– Normalt har eg omtrent 70 reisedøgn til Asia i løpet av eitt år. No med covid har ikkje det blitt noko av. Eg saknar maten der og det å kunne gå rundt i butikkar. Det er ein «fetisj» eg har. Mykje fisk blir seld gjennom retail og supermarknader. Det å sjå på ulike produkt og bli inspirert er ein viktig del av jobben.

No skal ho over i ein ny marknad – kor ho skal jobbe mot Nord-Amerika.

– Eg gler meg til nye utfordringar og det å lære ein ny marknad å kjenne. Ikkje minst til covid-19 er over slik at eg kan få reise vestover.

Tasha Prestø-He utanfor Lerøy sine lokale på Marineholmen i Bergen. Foto: privat

Meir fryste produkt - også til Asia

– Korleis har korona-året som fiskeseljar vore?

– Det har vore overraskande lett. Mat er noko alle må ha uansett, og eg trur at fleire har sett betydinga av å ete sunt i ein slik pandemisituasjon. Me sel fryst sjømat og det har vore ein veldig kjekk kategori å selje, med tanke på at veldig mange har hamstra fryste sjømatprodukt.

Ho seier at sjølv om restaurant- og hotellmarknaden har falle vekk, har retail auka monaleg, også mot Asia – som ikkje er kjent for å vere ein typisk «fryst marknad».

– Det å selje fryst fisk som er tilverka i eit høgkostland som Noreg – for så å eksportere det til ein region som helst vil ha fisken sin levande – og som også er flinke til å tilverka sjømat sjølv til lav kost. Det er eit einaste stort paradoks og ein går i motbakke heile tida. Me sel fisken på mattryggleik, opphav og Noreg som sjømatnasjon. Og at fisken er mykje ferskare når den er tilverka rett etter slakt.

Viktig for bygginga av Noreg

For to år sidan blei kjærleiken for sjømaten manifestert i ein tatovering av ein skrei på armen.

– Det er rett og slett ei hyllest og kjærleikserklæring til næringa. Eg jobbar både med raud og kvitfisk. Det er sjølvsagt laksen ein snakkar mest om, og i utlandet er det gjerne norsk laks som er den sterkaste merkevara når det kjem til sjømat. Men samtidig synest eg skrei og torsk er fantastisk fisk. Med tanke på kor viktig skreien har vore for bygginga av Noreg som nasjon fortener han å kome på arma.

– Kva gjer du når du ikkje er oppteken med å selje fisk?

– Eg har ein hund, ein Golden retriever, som opptar store deler av mi våkne fritid. Han er hjartet mitt. Vaffel, heiter han. Elles er eg veldig glad i god mat og god vin. Eg har eit lite håp om å på sikt ta vinkelnerstudie og bli sommelier. Me har også hytte på Kvamskogen og eg har nyleg blitt turfrelst. Eg trur det har noko med at eg har bikka 30 år og gjere - og at livet har tatt ei ny vending.

– Livet er godt, kjenner eg ofte på. Vil ein at det skal gå bra – gjer det som oftast det.