Farfaren til Terje Breivik var fiskar med eigen båt i Øygarden. Faren var skippar. Sjølv ville han også bli sjømann i ung alder, men det blei politikk på han. Som 57-åring fekk han endeleg sjøen som arbeidsplass han også når han no er blitt dagleg leiar i Rolv Haugarvoll AS. Der fekk han grunnrenteskatt på bordet med ein gong.

– Det vanskelege politisk er ikkje å bli einige om utgifter til nye ting i budsjettforhandlingar. Det vanskelege er å finne inndekninga for det. Då kan ein ende opp med ting som kan verke uforståeleg for utsida. Eg har sjølv vore i forhandlingsrommet og komme ut med poseavgift og flyseteavgift, fortel Terje Breivik med et smil.

For nokon har nok grunnrenteskattforslaget vært uforståeleg. Noko av innhaldet har blitt kalla det. Breivik sjølv har lang erfaring frå toppleiinga i Venstre, og dermed i toppsjiktet i norsk politikk. Finansminister har han aldri vore, men han er klar på kva han ville gjort i Trygve Slagsvold Vedum sine sko.

Terje Breivik

Alder: 57 år

Bustad: Ulvik, Vestland

Stilling: Ny dagleg leiar i konsernet Rolv Haugarvoll AS, som eig Lingalaks.

Verv i Venstre: Nestleiar 2012-2020. Stortingsrepresentant 2013-2021. Næringspolitisk og finanspolitisk talsperson. Parlemantarisk leiar og generalsekretær. Ordførar i Ulvik 1995-2001.

– Hadde eg vore i regjering og vert i Vedum sine sko, så hadde eg sterkt vurdert å varsla allereie no at vi må finna ein annan måte å fastslå grunnlaget for ein eventuell grunnrenteskatt.

Inn i sjømat

I 2021 forlot Breivik Stortinget etter åtte år som representant frå Venstre. Då gjekk turen heim til Vestlandet. Først som samfunnskontakt i straumselskapet BBK, og no heilt heim til Hardanger, som ny dagleg leiar i Rolv Haugarvoll AS, som eig Lingalaks.

– Eg hadde jo eit visst inntrykk av næringa frå utsida som politikar. Men no som eg er på innsida er eg om mogeleg enda meir imponert. Det er ei næring som verkeleg er på hogget, og så er eg verkeleg imponert over korleis selskap jobbar saman. Til dømes i Hardanger og Sunnhordaland der me høyrer til.

Han har vore næringspolitisk talsmann i Venstre. Då har besøk langs kysten vore pensum som politikar. I hans tilfelle har dette vore meir ein valkamp og profilering. For som han sjølv har sagt: eg er ein ganske kjedeleg politikar. Han har ikkje vore opptatt av å vere aktiv i media, men heller driva med rein og skjær politikk. Få til nødvendige endringar.

– Mi erfaring er at det er komplett umogeleg å dra på sånne turar og ikkje få inspirasjon til ny politikk. Det er så vanvitig mykje risikovilje og innovasjonsvilje du møter på. Spesielt langs kysten, seier han.

No har han lagt til kai heime i Ulvik i Hardanger. Der han sjølv starta som grunder og dagleg leiar i breidbandsverksemda INO AS i si tid. Han kjenner seg litt igjen i pionerverksemda som fleire lakseoppdrettarar har vore gjennom.

– Ikkje på same nivå, men eg har reist rundt og presentert bedrifta til potensielle investorar. Hatt mageverk, tatt opp lån på huset og heile den pakka for å få pengar til lønn.

Når han då seinare som politikar kunne få reise rundt og sjå andre ta sjansen på noko dei trudde på i næringslivet har han kun fått inspirasjon.

– Sjølv i den minste avkrok i ein fjord finn du spenstige innovasjonsmiljø og bedrifter som skapar vanvitige verdiar ut av lite. Når du har høve til å besøke alle krinkelkrokar, bukter og viker i landet så ser du mykje spennande, seier han med entusiasme og takksemd.

Rett til grunnrente

Då Breivik starta i bransjen 10. oktober hadde grunnrenteskatt allereie hengt over hovudet på bransjen i to veker. Det har blitt mykje grunnrenteskatt dei snautt første tre vekene i ny jobb.

– Naturleg nok har det blitt mykje tid og ressursar på det. Det kom jo brått på bransjen. Det har vore ein dårleg prosess frå regjeringa si side, seier han.

Forslaget trer i kraft allereie 1. januar. Høyringsfristen for endring er 4. januar. Breivik har godt vant med stortingsbehandlingar og legger til at det kan ta lang tid før ein veit kva og korleis skatten eventuelt blir.

– Sannsynlegvis kjem ikkje stortinget med eit endeleg vedtak før tidlegast i mai/juni. No får selskapa meir å betale i skatt frå 1. januar 2023, men ingen veit korleis modellen blir utforma før stortinget har gjort eit vedtak. Ein sit eigentleg igjen med nesten berre spørsmål og må nærast tilpasssa seg i blinde, innrømmer han.

Hans råd til sine gamle kollegaer i regjeringa er å allereie no, helst i går, varsla at dei vil endre forslaget om at skatten skal reknast ut ifrå norm-pris. Som tilsvarar supperiorpris på Nasdaq-prisen. Altså kan skatten bli satt ut ifrå ein høgare pris enn laksen blir selt for.

Terje Breivik på veg til eit møte mellom dei parlemantariske leiarane på Stortinget. Foto: Aleksander Nordahl

– Slik forslaget er no får det heilt urimelege utslag for ein del bedrifter, som gjer at du ender opp med skatt på langt over 100 prosent.

Eg som gammal politikar, som sjølv har vore i regjeringsposisjon, både håpar og trur at regjeringa ser akkurat dette før høyringsfristen.

– Trur du det er realistisk å få det endra før det?

– Eg ville tenkt det. For det er så openbart at du ikkje kan ha det slik. Det må være mogeleg å driva foredling i Norge blant anna, og det må være mogeleg å selje til fastpriskontraktar utan å risikera at ein går på store tap og nærast drep bransjen. Eg har sjølv vore med på ei langsiktig politisk oppmoding om at me skal få meir verdi ut av fisken i Norge. Då kan du ikkje lage eit system der du gjer det direkte ulønnsamt. Og så ulønnsamt at det stoppar opp. Det går jo ikkje an.

Han ler. Oppgitt over forslaget.

– Eg begynte jo midt oppi dette forslaget, så det har vore mange møter både internt, i sjømat Norge og sjømatbedriftene.

Skiskyttar kopling

Sjølv om han no kjem inn i næringa for første gang har han kjent til folka han no skal jobba med lenge. Faktisk var han og styreleiar Erlend Haugarvoll konkurrentar i skiskyting som ung. Mens Erlends far og Lingalaks-grunder, Rolv Haugarvoll, var ein av dei aktive i skiskyttarkretsen.

– Du kan seie det er skiskyting som gjorde meg til venn med Haugarvoll-familien. Me starta som konkurrentar eg og Erlend men så blei me gode vener. Då han studerte i Oslo og eg jobba der trena me ofte saman.

Det er gått 30 år sidan dei møttest i skisporet, men Breivik trener enno aktivt. I 2012 tok han VM-gull på 10 kilometer fristil i veteran-VM i langrenn. Og etter åtte års pause fordi stortingslivet var for travelt, vurderar han sterkt å hiva seg med igjen i VM.

– Veteran-VM er noko heilt spesielt å væra med på. For meg, som treningsnarkoman sjølv, så får du ei veke med likesinna. Det er nok vanskeleg å forstå for andre som ikkje driv med det, men det er ei fin avkoplings veke der du kan nørda med andre om kva du smørje skia med, taktikk, og alt som høyrer til.

– I den grad nokon likar å gå på ski, så vil eg råda dei til å væra med på det. Du får opplevelser du aldri vil gløyme og gode vener. Sjølv har eg mellom anna fått ein livslang venn i St.Petersburg gjennom meisterskapa.

_________________________________________________________________________________________________________________

Har du lyst til å lese flere saker fra sjømatnæringa? Prøv et abonnement på IntraFish - kun kr. 1 første måned - registrer deg her!