Under årets Aqua Nor fortale Cato Lyngøy i Hauge Aqua at dei skulle møte Mowi i september for å diskutere framtida til «Egget». Lyngøy viser til Mowi når IntraFish ber om ein kommentar til korleis møte har gått.

- Vi har hatt møte med Hauge Aqua, men ingenting er avklart enno, skriv kommunikasjonsdirektør Ola Helge Hjetland i ei tekstmelding til IntraFish.

- Kva tid reknar de med å ta ei avgjersle?

- Det må vi komme tilbake til, svarar Hjetland.

Departementet jublar ikkje

Tekna og Norsk Industri, der Mowi er medlem, arrangerte tysdag ein konferanse om utviklingstillatelsar. Der var arrangørane tydeleg på at dei ønskjer at styresmaktene snart opnar for ein ny runde. Det var statssekretær Roy Angelvik (Frp) klar på at ikkje kom til å skje med det første. Han understreka at ein først måtte få ferdig den første runden, og evaluere den, før det var vurdert om ein skal opne ein ny runde.

Angelvik var også tydeleg på at ikkje var «jippi nede på departementet» når selskap som har fått utviklingstillatelsar er usikre på om dei skal realisere prosjekta eller ikkje.

Eit av prosjekta Angelvik truleg hadde i tankane var «Egget». For historia om «Egget» er lang.

Strid om materialval

Sidan det vart presentert av Hauge Aqua og Lyngøy under Aqua Nor i 2015, har prosjektet vore fleire gongar innom både departement og direktorat. Mowi (tidlegare Marine Harvest) gjekk inn i prosjektet og søkte 14 utviklingstillatelsar til konseptet i februar 2016. I november same år, vart prosjektet tildelt fire utviklingstillatelsar, eit vedtak som vart klaga til Nærings- og fiskeridepartementet som i desember 2017 fall ned på at prosjektet skulle få seks utviklingstillatelsar.

Etter den første runden har striden stått om kva materiale som skal brukast i bygginga. I søknaden er det lagt til grunn at «Egget» skal byggjast i såkalla sandwich FRC (kompositt). Mowi har søkt om å få endre materialvalet til stål, sidan det vil vere ei rimelegare løysing, men det er avslått av både Fiskeridirektoratet og seinast departementet i juni i år.

Lagar «miniversjon»

Hauge Aqua er sidan 2015 også tildelt ein såkalla mørkegrøn konsesjon som vart «ledig» etter tildelingsrunden i 2013. Dei 45 «grøne» konsesjonane vart oppretta for å redusere miljøutfordringane med rømming av oppdrettsfisk og spreiing av lakselus.

Denne konsesjonen skal Hauge Aqua i løpet av neste år ta i bruk i Romsdalsfjorden. Dette er ein mindre versjon av «Egget» enn det som skal eventuelt skal tas i bruk av Mowi.

Likte du denne artikkelen? Les flere saker fra IntraFish.no: