Det var Avisa Nordhordaland som omtala ulykka først.

Politistasjonssjef Kjell Idar Vangberg fortel til avisa at ulykka skjedde laurdag rundt klokka 07:00, men at politiet vart varsla seinare på formiddagen.

– Det skjedde i forbindelse med vask av røra som ligg og flyt der. Dei vart løfta opp på ein installasjon som vert flytta framover etter kvart som ein vaskar. Røra datt delvis ned og trefte den eine personen om bord, fortel Vangberg til Avisa Nordhordaland.

Mannen fekk hovudskadar og ryggskadar. Han vart frakta til Haukeland sjukehus med luftambulanse før politiet kom til staden.

Kyst.no omtala også saka.

Arbeidaren er ikkje tilsett hos oppdrettsselskapet, men jobba for eit innleigd vaskefirma. Vangberg fortel at mannen vart skriven ut av sjukehuset på søndag. Politiet var på staden søndag for å gjere åstadundersøkingar.

Kommunikasjonsdirektør i Mowi, Ola Hjetland bekrefter at ein tilsett hos ein leverandør dessverre blei skada i samband med arbeid på eit av Mowis anlegg.

– Me samarbeider no med leverandøren og relevante myndigheiter for å finne ut kva som har skjedd og korleis ein kan hindre at liknande skjer i framtida, skriv Hjetland i ein sms til Intrafish.