AqKva-konferansen skulle vore arrangert i Bergen 20. januar i år, men vart utsett på grunn av nasjonale Covid19-restriksjonar. Arrangørane ser no at samfunnet er på veg mot normalisering, og det er derfor fastsett ny dato for arrangementet. Den blir onsdag 6. april på Quality Edvard Grieg Hotel i Bergen, skriver Aqkva i ei pressemelding.

Det foregår no eit arbeid for å avklara med foredragshaldarar og andre involverte aktørar, men arrangørene seier at det blir om lag same programinnhaldet som for januar.

– Det er gledeleg å sjå at det skal vera mogeleg å kunna arrangera konferansen som ein fysisk konferanse, og me ser fram til igjen å kunna møtast i Bergen. Aqkva 2022 har eit godt og innhaldsrikt program – fullspekka med siste nytt innan forsking, forvaltning og teknologi og me håpar at mange nyttar høvet til å delta, seier Kjell Arne Møklebust, styreleiar i Aqkva As, i pressemeldinga.

Aqkva AS har gjennom dei siste 18 åra arrangert havbrukskonferansar. Her møtes forvaltning, forsking, oppdrettarar, skule og leverandørindustri for fagleg påfyll og sosialt samvær.

Aqkvakonferansen vart frå 2004–2017 arrangert på Stord, men vart etterkvart for stor til å arrangera lokalt, og vart difor flytta til Bergen. I 2019 deltok over 600 deltakarar på konferansen, som no er landets største havbrukskonferanse.