Spansk nettavis: Overlevande frå «Argos Georgia» var på havet i 20 timar før dei blei redda
Den spanske nettavisa La Sexta har vore i dialog med pårørande av dei overlevande frå forliset av autolinebåten.
Dei overlevande hadde meir enn «20 timar med helvete på havet», før dei blei redda, fortel avisa.
Nokre av dei overlevande skal ha sagt til sine pårørande at dei hadde føretrekt å døy framfor å måtte halde fram «i det helvete dei opplevde på havet».
Langt nede og psykisk prega
– Dei overlevande er svært mørbanka, med merker over heile kroppen, og slag i hovudet. Utruleg sletne, langt nede og psykisk prega, seier José Antonio Fernández, som er ein kjenning av kapteinen på «Argos Georgia».
José Manuel Pena, søskenbarnet til kapteinen på «Argos Georgia» og omtalt som talsperson for familien, fortel at dei overlevande har det bra, utover mindre fysiske skader, og at dei sjølvsagt er mentalt prega.
Ni omkomne, fire sakna
I ein oppdatering onsdag denne veka bekrefta myndigheitene på Falklandsøyene at ni personar er bekrefta omkomne. 14 personar er berga, medan fire framleis er sakna.
– Det er eit frykteleg vær, og redningsaksjonen blei terminert for rundt 24 timar sidan. Fire personar er framleis sakna. Det sa Johan Mannsåker ved HRS Sør-Norge til Fiskeribladet torsdag etter at han hadde fått ei oppdatering frå Falklandsøyane.
Når været betrer seg, vil søket halde fram:
– Vidare søk er da etter antatt omkomne, altså dei fire som er sakna, opplyste Mannsåker torsdag.
Ukontrollert vanninngrenging
Det var måndag at båten forliste utanfor Falklandsøyene i Sør-Atlanteren.
Myndigheitene på Falklandsøyene har skildra hendingsgangen slik:
Det oppstod ei ukontrollert vanninntrenging, som gjorde at besetningen på 27 personar blei tvungne til å forlate skipet, kort etter klokka 16.00 måndag, lokal tid. Hendinga skjedde rundt 200 engelske mil øst for Stanley.
Administrerande direktør i reiarlaget Ervik Havfiske som eig båten, Robert Ervik, fortalde til Fiskeribladet tidlegare denne veka at reiarlaget fekk vite måndag kveld at mannskapet måtte gå i redningsflåtar.
Seglde under St. Helenas flagg
Autolinebåten drev fiske etter patagonisk tannfisk i Rosshavet og rundt Sør-Georgia i Sør-Atlanteren. Båten seglde under St. Helenas flagg (UK).
Båten blei døypt 9. mars 2018 og er bygd ved Tersan Shipyard i Tyrkia. Kontraktspris var 165 millionar kroner.
(Vilkår)