Onsdag kveld har Fiizk sendt ut ei oppdatert pressemelding på dei to semilukka merdane som skulle leverast til Osland Havbruk. Det som er blitt skildra som «uventa skadar» har no gjort at merdane har havarert i løpet av dagen, skriv Fiizk i meldinga. Det er utslepp av inntil 400 liter diesel frå det eine aggregatet på den eine merden, skriv selskapet i pressemeldinga.

Relevante myndigheiter er varsla og selskapet jobbar med skadeavgrensing. Det er ikkje fisk i merdane og det er ingen personskadar, skriv Fiizk.

Onsdag sende Fiizk og Osland Havbruk ut ei pressemelding om at to semilukka merdar frå fyrstnemnde har fått «uventa skader», og at det blir jobba med sikring for å førebyggja ytterlegare skader på merdane og «følgeskadar på lokalitet», som er Osland Havbruk sin lokalitet Sørevik i Sognefjorden.

– Me jobbar med å førebyggja at det skal koma ytterlegare skader som følgje av det som har skjedd. I tillegg ser me på årsakene til hendinga, fortalte Torstein Rønning, administrerande direktør i Fiizk, til IntraFish onsdag ettermiddag.

– Betydeleg skade

Dei to semilukka merdane er dei to fyrste av sitt slag, skriv selskapet i pressemeldinga. Dei var ikkje endeleg overleverte, men omtrent ferdig monterte på lokaliteten Sørevik.

– Det er veldig vanskelege vêrforhold, som avgrensar arbeidsrommet, seier Rønning.

– Er det mogleg at merdane havarerer?

– Det som er sikkert er at me må få merdane opp på land for å få reparert dei. Konstruksjonen har fått betydeleg skade. Me jobbar tett med saka, seier Rønning, og legg til:

– Det er ikkje fisk i merdane, så skadane er avgrensa til materielle skadar. Så gjeld det å gjera dei så små som mogleg. Me ynskjer ikkje at merdane skal sokke.

Jobba med saka siste døgnet

Osland Havbruk var i sluttfasen med overtaking av to semilukka merdar på 30.000 kubikk frå Fiizk, som snart skulle takast i drift.

– Me har hatt søraustavêr siste veka, som er det verste for oss i Sognefjorden. Vêret er nok ein utslagsgivande faktor. Merdane har hatt ei belastning og dermed fått uventa skader, seier Marte Hatlevik, dagleg leiar i Osland Havbruk, til IntraFish.

– Me jobbar i fellesskap med leverandøren med sikring for å førebyggja ytterlegare skade på merdane og lokaliteten. Me sender ut melding fordi det er ein alvorleg situasjon. Skadane på merdkonstruksjonane er såpass omfattande at det er risiko for merdane med vêret som er, seier Hatlevik.

Hatlevik seier at forvaltninga er varsla og at dei har jobba med saka det siste døgnet.

– Lokaliteten er brakklagt og det har ikkje vore fisk i merdane. Det er ikkje Osland som eig merdane, seier Hatlevik.

Marte Sleire Hatlevik er dagleg leiar i Osland havbruk. Foto: Osland Havbruk

– Dette kan bli brems

Den daglege leiaren seier at selskapet har stor tru på semilukka produksjon, særleg som eit tiltak mot lus og handtering av fisk i Sognefjorden, som er i produksjonsområde fire.

– Osland er fyrste oppdrettar som har kjøpt slike merdar av denne storleiken. Dette kan bli brems i strategiske planar, seier Hatlevik.

Både Osland og Fiizk har mannskap på lokaliteten, og det er tyngre fartøy på veg for å bidra.

– Dette gjer me i samarbeid med Fiizk og samarbeidet er godt, seier Hatlevik.