Hagland skal leia produktutviklinga hjå Aquabyte, melder selskapet i ei pressemelding.

- Eg gledar meg til å bli ein del av Aquabyte-teamet og å bidra til den spennande teknologien dei utviklar til havbruksnæringa og dei nye utfordringane som ventar, seier Hagland i pressemeldinga.

Hagland har ein mastergrad i fiskehelsebiologi frå Universitetet i Bergen, og kjem frå Cargill, kor ho har leia utvikling av produkt og løysingar for havbruksnæringa. Hagland har tidlegare jobba hjå Mattilsynet og Intervet Bio.

- Me er særs godt nøgde med å få ein så kompetent og kreativ medarbeidar med på laget, og ser fram til alle spennande nyutviklingar i tida framover, seier Hans Runshaug, dagleg leiar i Aquabyte Norge, i pressemeldinga.