Kjersti Haugen har gått frå stilling som driftsdirektør i eksportøren Seaborn og har allereie flytta til Island. Der skal ho jobbe som salsdirektør for oppdrettsselskapet Arnarlax.

Etter fem dagar i karantene på eit hotellrom i Reykjarvik tidleg i april bar det rett av stad til salskontoret i Hafsnafjord ei mil utanfor hovudstaden.

– Eg kjem til å bruka mesteparten av tida framover på Island. Sjølv om heimekontor er godt innarbeida i desse dagar, og eg også kjem til å vere i Bergen – trivst både Arnarlax og eg best i lag om me får vere saman fysisk, påpeikar Haugen.