Dette er bakgrunnen for at det no er foreslått å avgrense laksefisket i sjøen i ein periode. Vi gjer det ikkje for å ramme ein berekraftig kystkultur eller favorisere tilreisande sportsfiskarar. Vi gjer det for å oppfylle kravet i naturmangfaldlova om at vi berre kan hauste av naturen der det finst eit overskot å hauste av.

Thomas Sandnes kjem med påstandar i sitt innlegg på IntraFish 2. mars som eg skal forsøke å svare på.

For det første: Er det slik at villaksen ikkje lenger er trua?

Sande refererer til ein rapport som seier at regulering av fiske nesten har fjerna overbeskatning av villaksen. Dette stemmer for dei 199 største bestandane som vi har best kunnskap om, men ikkje for dei minste og mest sårbare bestandane. Hensikta med Miljødirektoratets forslag er å gi alle bestandene eit betre vern. Mange av dei resterande 250 bestandane er små og sårbare.

For det andre: Kvifor rammast berre sjøfisket, medan elvefisket held fram som før?

Dette stemmer ikkje. Laksefisket i vassdrag blir også regulert i denne runden, og det er også gjort nødvendige innstrammingar der. I elver der det ikkje er eit haustbart overskot, er fisket stengt.

Men det er ein viktig skilnad på laksefiske i elv og laksefiske i sjø: I sjøen blir fleire bestandar blanda, både dei levedyktige og dei sårbare. Jo lenger ein kjem frå elva, jo fleire bestandar blir blanda. I enkelte kystområde blir det blanda fleire titals ulike bestandar, og mange av desse er små og sårbare.

Når ein fiskar i slike område, har ein ikkje kontroll på om fisken kjem frå ein sterk bestand eller frå ein sårbar bestand i ei elv som er stengt for fiske. Vitskapeleg råd for lakseforvaltning anslår at det er 97-100 prosent risiko for overbeskatning av små og sårbare bestandar i alle kystområda. Difor anbefalte dei også at det ikkje vart opna for fiske i kystområda.

Det er dermed diverre ikkje slik at sjølaksefisket haustar berekraftig på ein fornybar ressurs, slik Sandnes skriv. Dette har vi ingen garanti for. I vassdrag med bestandar utan haustbart overskot blir det ikkje opna for fiske. I fjordane som dei munner ut i, blir fisketida avgrensa. I kystfisket etter villaks, derimot, er det umogleg å sikre at ein ikkje fiskar på sårbare bestandar.

Den tredje påstanden til Sandnes er at små bestandar ikkje blir beskatta fordi dei er for små til å bli fanga i nota. Her trur eg det rår ei misforståing om kva som er definisjonen på små og sårbare bestandar. Det handlar ikkje om storleiken på individa, men på antall individ i bestanden. Ein bestand reknast som liten når den har eit gytebestandsmål på mindre enn 25 hoer, ikkje når den enkelte laks har ein viss storleik.

Venstre og regjeringa er opptatt av å ta vare på alle villaksbestandene. Då er vi nøydde til å ta grep. Vi er sjølvsagt ikkje «i lomma» på den eine eller andre særinteressa, verken sjølaksefiskarar eller elvefiskarar. Det er fellesskapen sitt ansvar å forvalte ressursane i havet innanfor ansvarlege berekraftige rammer. Venstre er opptatt av at ressursuttak skal fastsetjast av offentlege styresmakter og at all fiskeriaktivitet skal skje slik at han ikkje bidrar til overbeskatning av fiskeribestandane

Eg forstår at mange gjerne vil halde fram med laksefisket i sjøen, slik det er tradisjon for. Men for at vi skal kunne gjere det i framtida, må vi sørge for at laksebestandane veks og blir levedyktige. Viss vi held fram som før, vil det kanskje ikkje vere villaks att om 50 år. Og det er ingen tent med.